Andy White

Andrew White (27. juli 19309. november 2015) var ein skotsk trommeslagar, hovudsakleg som studiomusikar. Han vart stundom kalla «den femte Beatles»[1] og er mest kjend for å ha erstatta Ringo Starr på trommer på debutsingelen til The Beatles, «Love Me Do».[2] White var med på den amerikanske singelutgåva av songen, som òg kom ut på det britiske debutalbumet deira, Please Please Me. Han spelte òg på «P.S. I Love You», som var B-sida til «Love Me Do».[3][4]

Andy White
Fødd27. juli 1930(1930-07-27)
FødestadGlasgow i Skottland
Død9. november 2015 (85 år)
DødsstadCaldwell i New Jersey i USA
FødenamnAndrew White
OpphavStorbritannia
Aktiv1950-åra til 1970-åra
SjangerPop/rock, rock and roll, swing
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarThe Beatles
The Smithereens
Verka somMusikar
Gift medThea White

White spelte med andre kjende musikarar og grupper i både Storbritannia og USA, som Chuck Berry, Billy Fury, Herman's Hermits og Tom Jones. AllMusic kalla White «ein av dei travlaste trommeslagarane i England frå slutten av 50-åra til midten av 70-åra».[2]

KjelderEndra

  1. Jordan, Chris (23 May 2008). «'Fifth Beatle' Andy White is still keeping time». myCentralJersey.com. Henta 7 January 2010. 
  2. 2,0 2,1 Eder, Bruce. «Andy White». AllMusic. Henta 7 January 2010. 
  3. Ingham 2003, s. 18.
  4. Marck, John T. «Love Me Do». I Am The Beatles. Arkivert frå originalen den 19 December 2009. Henta 8 January 2010.