P.S. I Love You
Singel av The Beatles
frå albumet Please Please Me
A-side

«Love Me Do»

Språk engelsk
Utgjeve 5. oktober 1962
Innspelt Abbey Road Studios
4. og 11. september 1962
Sjanger Beat
Lengd 2:06
Selskap Parlophone R4949
Tollie 9008 (USA)
Komponist Paul McCartney, John Lennon
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) McCartney-Lennon
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«Can't Buy Me Love»
(1964)
P.S. I Love You «A Hard Day's Night»
(1964)


«P.S. I Love You» er ein song av The Beatles som hovudsakleg er skrive av Paul McCartney[1], men kreditert McCartney-Lennon. Songen vart gjeve ut som B-side til «Love Me Do» den 5. oktober 1962, den første singelen deira nokon gong. Han vart òg gjeve ut på albumet Please Please Me i 1963.

Innspeling endre

Utgåva på singelen og albumet vart spelt inn på ti forsøk den 11. september 1962 ved Abbey Road Studios i London. Andy White spelte trommer på songen og gav songen ein cha-cha-cha-stil[2] og han har derfor ikkje det kraftige trommeslaget som kjenneteikna det meste av den tidlege musikken deira. Ringo Starr speler maracas.

As I write this letter, send my love to you,
Remember that I'll always be in love with you.
Treasure these few words till we're together
Keep all my love forever.
P.S. I love you

Lennon/McCartney

George Martin var ikkje til stades på denne innspelinga som vart styrt av Ron Richards.

The Beatles (med Ringo Starr på trommer) og spelte denne songen på BBC den 25. oktober 1962 (Here We Go), 27. november 1962 (Talent Spot) og 17. juni 1963 (Pop Go the Beatles).

Inspirasjon endre

Songen vart skrive i 1961 då Paul McCartney var i Hamburg og ein meiner at songen vart skrive til hans dåverande kjæraste, Dot Rhone.[2] McCartney har derimot avkrefta dette.[3]

Med ein behageleg melodi kan versa og refrenget reknast som typisk McCartney og teksten vart populær hos kvinnelege tilhengjarar.[4] Den unge Lennon og McCartney nytta ofte det som kan høyrast ut som jazzakkordar i dei tidlege songane sine, som ein finn her med ein C#7 mellom akkordane G og D i opningsrefrenget.

Medverkande endre

Salslister endre

År Vekeslister Plassering
1962 UK Singles Chart 17
1964 U.S. Billboard Hot 100[5] 10
1982 UK Singles Chart 4

Årsliste (1964) Plassering
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)[6] 107

Kjelder endre

  1. Bill Harry The Ultimate Beatles Encyclopedia s.583
  2. 2,0 2,1 Ian MacDonald Revolution in the Head s.54
  3. Paul McCartney Many Years From Now s.37
  4. Ian MacDonald (1998). Revolution in the Head. s. 54. 
  5. «Music: Top 100 - Billboard Hot 100», Billboard 
  6. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 

Bakgrunnsstoff endre