Anerood Jugnauth (fødd 29. mars 1930) er ein mauritisk politikar frå byen Vacoas-Phoenix i distriktet Moka, og har sete som både statsminister og president på Mauritius.

Anerood Jugnauth

Fødd29. mars 1930
Vacoas-Phoenix
Død3. juni 2021 (91 år)
Statsborgar avMauritius
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedCity Law School
EktefelleSarojini Jugnauth
BarnPravind Jugnauth
Alle verv
  • Mauritius' president (2003–2012)
  • Mauritius’ statsminister (2014–2017)
  • Leader of the Opposition (1976–1982)
  • Medlem av Det kongelige råd
  • Mauritius’ statsminister (2000–2003)
  • Mauritius’ statsminister (1982–1995) Sjå dette på Wikidata

Han vart statsminister i landet fyrste gong i 1982, som Seewoosagur Ramgoolam sin etterfylgjar. Jugnuath vart sitjande i fire samanhengjande periodar, frå 1982 til 1995, og er med det den som til no har vore statsminister lengst på Mauritius. I år 2000 vart han statsminister på nytt, men gjekk av i 2003 då han vart etterfølgd av Paul Bérenger.

I 2003 vart Jugnauth vald til president, og han sat som president samanhengjande fram til 2012. I 2014 vann partiet hans valet og han vart utnemnd til statsminister igjen. Han gjekk av att i januar 2017, på grunn av høg alder, og let sonen Pravind Jugnauth overta som statsminister.

Kjelder

endre