Seewoosagur Ramgoolam

Sir Seewoosagur Ramgoolam (18. september 190015. desember 1985) var ein politikar av indisk ætt frå Mauritius. Ramgoolam var den fyrste statsministeren i landet etter at det vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1968, og er kjend som «nasjonens far».

Seewoosagur Ramgoolam

Statsborgarskap Mauritius
Fødd 19. september 1900
Flacq
Død

15. desember 1985 (85 år)
Port Louis

Yrke politikar, velgjerar
Språk tamil
Politisk parti Labour Party
Religion Hinduismen
Nettstad http://ssr.intnet.mu/
Seewoosagur Ramgoolam på Commons

Ramgoolam vart fødd i landsbyen Kewal Nagar i delstaten Flacq på Mauritius. Han var statsminister i den britiske kolonien Mauritius frå 1961 til 1968. Mahatma Gandhi var eit stort førebilete for han, og han jobba iherdig for at Mauritius skulle bli uavhengig frå Storbritannia utan valdeleg opprør. Då landet vart sjølvstendig den 12. mars 1968, heldt Ramgoolam fram i stillinga som statsminister, heilt fram til 1982. Anerood Jugnauth tok over som statsminister etter Ramgoolam. Frå 1983 vart Ramgoolam utnemnd til generalguvernør, og beheldt stillinga til han døydde i 1985.

I dag er Ramgoolam ein hylla personlegdom på Mauritius. Han er avbilda på alle myntane til den mauritiske rupien. Den botaniske hagen i tettstaden Pamplemousses, Sir Seewoosagur Ramgoolam Botanical Garden, er oppkalla etter han. Det same gjeld Mauritius sin internasjonale flyplass, Sir Seewoosagur Ramgoolam International Airport.

Kjelder Endra