Angelica Bengtsson

Angelica Therese Bengtsson (fødd 8. juli 1993) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar som vann bronsemedaljen i stavhopp under EM i friidrett 2016.

Angelica Bengtsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 8. juli 1993 (31 år)
Väckelsång
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommar-OL 2016, athletics at the 2010 Summer Youth Olympics – girls' pole vault, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Stavsprang damer, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Stavsprang kvinner

Bengtsson sigra i stavhopp ved junior-verdsmeisterskapen 2010 i Moncton og i 2012 i Barcelona. Året i mellom dei to sigrane sette ho junior-verdsrekord med 4,63 meter. Frå og med 2014 var ho jamt med i kampen om medalje i dei store meisterskapane. Etter å ha vorte nummer 5 i Friidretts-EM 2014, sette ho svensk rekord med 4,70 m og kom på delt fjerdeplass under VM i friidrett 2015 i Beijing. Sommaren 2016 vart ho nummer 3 i EM-finalen i Amsterdam med årsbeste 4,65 m. Derimot lukkast ho ikkje kvalifisere seg til OL-finalen i Rio de Janeiro. Ho kom på tiandeplass i verdsmeisterskapen 2017 og sjetteplass i EM i friidrett 2018. Året 2019 var Bengtsson i sitt livs beste form. Ved eit innandørs-stemne i Clermont-Ferrand den 24. februar forbetra ho den svenske rekorden til 4,81 meter. Sju månader seinare gjekk ho over 4,80 m i VM-finalen i Doha, vart likevel ikkje betre enn nummer 6. I Tokyo-OL 2021 enda ho på 13. plass.

Bengtsson var svensk meister i stavhopp i 2012, 2014-16 og 2018-20.

Kjelder

endre