Angst in My Pants

Angst In My Pants
Studioalbum av Sparks
Språk engelsk
Utgjeve 29. mars 1982
Studio Musicland (München)
Sjanger
Lengd 35:31
Selskap Atlantic
Produsent Mack
Sparks-kronologi 
Whomp That Sucker
(1981)
Angst In My Pants In Outer Space
(1983)


Singlar frå Angst in My Pants
  1. «I Predict» med «Moustache»
    Utgjeve: April 1982

Angst in My Pants er det ellevte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks. Albumet vart gjeve ut av Atlantic Records i både USA og Storbritannia.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[2]

Historie endre

Angst in My Pants markerte det andre albumet som klaverspelaren Ron Mael og songaren Russell Mael arbeidde med gitaristen Bob Haag, bassisten Leslie Bohem og trommeslagaren David Kendrick. James Goodwin vart i tillegg med besetninga på ekstra synthesizer, men desse var miksa langt lengre bak, medan resten av bandet kom tydelegare fram. Resultatet vart eit power pop-album[2] som vart spelt inn i Musicland Studios i München, produsert av Mack tilknytt Giorgio Moroder Enterprises. Innspelinga av albumet var den andre og siste gangen Sparks arbeidde med Mack.

I eit intervju i 1990 med Trouser Press diskuterte bandet korleis tittelsporet kom til basert på ein kort song etter at resten av albumet var spelt inn. I følgje Russell Mael: «Me hadde ein annan song kalla «Angst in My Pants» med ein heilt annan melodi. Han skulle vere med på albumet, men me likte han eigentleg ikkje så mykje. Me trengde ein song til for albumet. Me var vanlegvis godt førebudde før me gjekk i studio, men likevel mangla me ein song. Me var ferdige med innspelinga av alle dei andre songane. Ein dag på hotellet i München kom Ron opp med melodien og sette den gamle tittelen på den nye songen. Mack likte songen særs godt og me spelte han inn.»[3]

Utgjeving endre

Angst in My Pants vart ikkje ein suksess i Storbritannia, men gjorde det betre enn det føregåande albumet deira, Whomp That Sucker, i USA. Det nådde 173. plassen på Billboard 200.[4]

Singelen «I Predict» vart den første Sparks-singelen som gjekk inn på Billboard Hot 100, då han nådde 60. plassen i mai 1982.[5] Dette var første gongen sidan utgjevinga av «Wonder Girl» i 1971 at Sparks hadde fått moderat suksess på den amerikanske singellista. Ein utvida remiks av «I Predict» vart gjeven ut som ein klubb-promo medan 7"-singelen kom ut med albumsporet «Moustache» som B-side. Musikkvideoen for «I Predict» vart regissert av Douglas Brian Martin med kinematografi av Frederick Elmes.[6]

«Angst In My Pants» og «Eaten by the Monster of Love» vart begge nytta i filmen Valley Girl, ein romantisk kommedie som kom ut i 1983. «Eaten by the Monster of Love» vart òg nytta i 2009 i skrekkfilmen Cabin Fever 2. Han vart òg nytta i sjette sesongen av Gilmore Girls.

Bandet framførte «Mickey Mouse» og «I Predict» som musikalske gjester den 15. mai 1982 på Saturday Night Live, med Danny DeVito som vert. Før «Mickey Mouse» skildra Ron Mael, heilt alvorleg, ei vanleg mus og kva mus vanlegvis gjer (inkludert «skremme kvinner» og «ete store mengder sukker for laboratorie-eksperiment»).

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Angst in My Pants»3:25
2.«I Predict»2:50
3.«Sextown U.S.A.»2:56
4.«Sherlock Holmes»3:34
5.«Nicotina»3:26
6.«Mickey Mouse»3:16
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Moustache»3:28
8.«Instant Weight Loss»3:27
9.«Tarzan and Jane»3:18
10.«The Decline and Fall of Me»2:53
11.«Eaten by the Monster of Love»2:58
Bonusspor på Imperial Records-utgåva (Japan - 2009)
Nr.TittelLengd
12.«Angst in My Pants» (Radio Promo Ad)1:03
13.«Kidnap» (Demo)3:11
14.«A Trying Day» (Demo)3:21
15.«Dancing Is Dangerous (I Ought to Know)» (Demo)3:27
Bonusspor på Repertoire Records-utgåva (2013)
Nr.TittelLengd
12.«Modesty Plays» (kort versjon)3:07
13.«I Predict» (Club Mix)6:19
14.«Modesty Plays» (lengre versjon)5:16

Medverkande endre

  • Russell Mael - vokal
  • Ron Mael - klaverinstrument, synthesizer, konsept for plateomslaget
  • Leslie Bohem - bassgitar, ekstra korvokal
  • Bob Haag - gitar, ekstra korvokal
  • David Kendrick - trommer
  • James Goodwin - synthesizer
  • Mack - produsent, lydteknikar, synthesizerprogrammering

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Sparks - Record Collector Magazine». recordcollectormag.com. Henta 21. april 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Allmusic review
  3. «Sparks, 1975 + 1990». Trouser Press (på engelsk). 19. juni 2021. Henta 8. oktober 2021. 
  4. «Sparks in Billboard 200». billboard.com. Henta 23. april 2022. 
  5. «Allmusic - Billboard Albums - Sparks». Billboard. Henta 26. april 2022. 
  6. «allmusic - I Predict - Sparks». © 2009 Macrovision Corporation. All Rights Reserved. Henta 26. april 2022.