Reinhold Mack
Reinhold Mack (òg kjend som berre Mack) er ein tysk plateprodusent og lydteknikar, hovudsakleg kjend for samarbeida med rockebanda Electric Light Orchestra og Queen.[1] Det meste av dette fann stad i studioet til Giorgio Moroder, Musicland Studios i München, som vart kjend etter at Marc Bolan & T.Rex (med produsenten Tony Visconti) først oppdaga det i 1973.[2] I 1981 vart Mack og Queen nominert til årets produsent for The Game.[3]
Reinhold Mack | |||
Fødd | 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tyskland | ||
Opphav | Tyskland | ||
Verka som | musikkprodusent, audioingeniør, komponist, ingeniør |
Den tredje sonen til Mack, John Frederick Mack, vart namngjeven av Freddie Mercury og var fadderbarn av både Mercury og Queen-bassisten John Deacon.
Mack er omtalt i teksten til Queen-songen «Dragon Attack» frå The Game i 1980, som han produserte med bandet: «gonna use my stack/it's gotta be Mack».[4] Banda Niemen, tidlegare kalla SBB kalla i 2005 songen «Rock for Mack» opp etter han.
Utvald diskografi
endreAlbum han arbeidde på som lydteknikar:
- Niemen: Ode to Venus (1973)
- T.Rex: Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow (1974)
- Deep Purple: Stormbringer (1974)
- Deep Purple: Come Taste the Band (1975)
- Electric Light Orchestra: Face the Music (1975)
- Electric Light Orchestra: A New World Record (1976)
- Sweet: Give Us a Wink! (1976)
- Electric Light Orchestra: Out of the Blue (1977)
- Electric Light Orchestra: Discovery (1979)
- Electric Light Orchestra: Xanadu (1980)
- Electric Light Orchestra: Time (1981)
- Brian May & Friends: Star Fleet Project (1983, Mini Album; miksa av Mack)
- Electric Light Orchestra: Balance of Power (1986)
- Queen: Live Magic (1986; innspelt av Mack og David Richards)
- Queen: Live at Wembley '86 (1992; innspelt av Mack)
- Queen: Queen on Fire - Live at the Bowl (2004; innspelt av Mack)
- Queen: Queen Rock Montreal (2007; innspelt av Mack)
- Rainbow: Rising (1976)
Album produsert eller medprodusert av Mack:
- Scorpions: Fly to the Rainbow (1974)
- Rolling Stones: Its Only Rock N Roll (1976)
- Deep Purple: Come Taste the Band (1975)
- Rory Gallagher: Calling Card (1975)
- Rolling Stones: Black and Blue (1976)
- David Coverdale: White Snake (1977)
- Peter Straker: Real Natural Man (1980)
- Queen: The Game (1980)
- Queen: Flash Gordon (1980)
- After the Fire: 80-f (1980)
- Sparks: Whomp That Sucker (1981)
- Billy Squier: Don't Say No (1981)
- After the Fire: Batteries Not Included (1982)
- Sparks: Angst in My Pants (1982)
- Queen: Hot Space (1982)
- Billy Squier: Emotions in Motion (1982)
- Queen: The Works (1984)
- Roger Taylor: Strange Frontier (1984)
- Meat Loaf: Bad Attitude (1984; produsert av Meat Loaf, Paul Jacobs og Mack)
- Freddie Mercury: Mr. Bad Guy (1985)
- BAP: Ahl Männer, aalglatt (1986)
- Queen: A Kind of Magic (1986)
- Extrabreit: Sex after three years in a submarine (1987)
- Heavy Pettin: Lettin Loose (1987; produced by Brian May and Mack)
- Extreme: Extreme (1989)
- Bonfire: Knock Out (1991)
- Law and Order: Rites of Passage (1991)
- Black Sabbath: Dehumanizer (1992)
- Loud: Psyche 21 (1992)
- SBB: New Century (2005)
- Julian Mack: Have you no decency (2005)
- Liquid Meat: Beat the Meatles (2006)
- The Shazam: M3TEOR (2009)
- Liquid Meat: Maximum Carnage (2009)
- Big Wood: Big Wood (2012)
- Custard: Infested by Anger (2012)
- Symphonika: In Dreams (2013)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Reinhold Mack» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Bit of Rough Stuff». Evening Times. 9 February 1990. Henta 11 December 2011.
- ↑ Larry Crane (15 January 2011). «Reinhold Mack The Invisible Man». tapeop.com. Arkivert frå originalen den 18. mai 2014. Henta 15. februar 2015. (krev abonnement (help)).
- ↑ «Awards & Shows – Grammy Awards 1981». awardsandshows.com. Arkivert frå originalen den 21. oktober 2013. Henta 15. februar 2015.
- ↑ «Allmusic: Queen – Dragon Attack Lyrics». allmusic.com. Arkivert frå originalen 28. mai 2014. Henta 26 May 2014.