Anita O'Day
Anita O'Day (18. oktober 1919–23. november 2006) var ein amerikansk jazzsongar som hadde si stordomstid på 1940- og 1950-talet. Ho kom til å leia utviklinga av moderne jazzsong saman med Ella Fitzgerald og Sarah Vaughan. Ho song gjennom størstedelen av livet sitt, i ein karriere som varte i 60 år. Medan ho var djupt forankra i swingmusikk, var ho òg ein tidleg utviklar av bebop.
Anita O'Day | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 18. oktober 1919 Chicago |
Død |
23. november 2006 (87 år) |
Yrke | songar, jazzmusikar |
Språk | engelsk |
Anita O'Day på Commons |
Liv
endreAnita O'Day heitte opphavleg Anita Belle Colton. Ho var fødd i Chicago i den amerikanske delstaten Illinois. Ho hadde ein vanskeleg barndom, og forlét heimen som tolvåring.
Fjorten år gammal byrja ho ta del i dansemaraton, som var populære på 1930-talet. Då ho byrja synga ved desse tilstellingane tok ho artistnamnet O'Day, ei omskriving i Pig Latin for dough, som er eit slanguttrykk for pengar.
O'Day byrja synga i nattklubbar då ho var 19. Ho blei songar i Gene Krupas orkester i 1941, og slo gjennom med «Let Me Off Uptown».
På 1950-talet opptredde ho i større grad som solist, og medverka mellom anna i filmen Jazz on a Summer's Day som blei spelt inn på Newportfestivalen i 1958.
O'Day var gift to gonger, først med Don Carter i eit ekteskap som blei annullert, og seinare med Carl Hoff som ho skilde seg frå. Ho hadde mange personlege problem som omfatta alkoholisme, narkotikamisbruk, nervesamanbrot og arrestasjonar.
Anita O'Day døydde i 2006 i West Hollywood i California.
Album
endre- 1951 - Anita O'Day Specials
- 1952 - The Lady Is a Tramp
- 1952 - Anita O'Day Sings Jazz
- 1953 - Anita O'Day Collates
- 1954 - An Evening with Anita O'Day
- 1955 - Songs by Anita
- 1955 - This Is Anita
- 1956 - Pick Yourself Up with Anita O'Day
- 1957 - Anita Sings the Most
- 1958 - Anita O'Day Sings the Winners
- 1958 - At Mr. Kelly's
- 1959 - Anita O'Day Swings Cole Porter with Billy May
- 1959 - Cool Heat
- 1960 - Anita O'Day and Billy May Swing Rodgers and Hart
- 1960 - Waiter, Make Mine Blues
- 1960 - Incomparable!
- 1960 - I Remember Billie Holiday
- 1961 - Trav'lin' Light
- 1961 - All the Sad Young Men
- 1962 - Time for Two
- 1962 - Anita O'Day and the Three Sounds
- 1962 - That Is Anita
- 1970 - Recorded Live at the Berlin Jazz Festival
- 1975 - I Get a Kick Out of You
- 1975 - My Ship
- 1976 - Anita O'Day Live
- 1976 - Live at Mingo's
- 1978 - Angel Eyes
- 1978 - Mello'day
- 1979 - Anita O'Day, Live at the City
- 1981 - Anita O'Day Live in Tokyo
- 1984 - A Song for You]]
- 1989 - In a Mellow Tone
- 1991 - At Vine St. Live
- 1991 - I Told Ya I Love Ya: Now Get Out
- 1993 - Live in Person
- 1993 - Rules of the Road
- 1993 - Wave: Live at Ronnie Scott's
- 1998 - Portrait of a Jazz Singer
- 1999 - Live in Concert Tokyo 1976
- 2001 - Live at the City San Francisco 1979
- 2002 - You Betcha
- 2002 - Sometimes I'm Happy
- 2003 - Skylark: Live at Sometime
- 2006 - Indestructible!
Kjelder
endre- «Anita O'Day». Jazz Profiles from NPR , produced by Joan Merrill.
- «Anita O'Day». Nekrolog i The Independent, 25. november 2006.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Anita O'Day» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2012.