Jazz eller jass er ein opphavleg amerikansk musikksjanger. Stilmessig er den ein blanding av tradisjonell afrikansk og tradisjonell europeisk musikk, og er kjenneteikna av blå tonar, polyrytmikk, improvisasjon, synkope og swingtime.[1]

Frå den tidlege utviklinga og fram til i dag har jazz òg innlemma amerikansk populærmusikk frå 1800- og 1900-talet.[2] Ordet jazz starta som eit slanguttrykk av ukjend opphav på Vestkysten i USA og vart først nytta om musikk i Chicago rundt 1915.

Jazz har frå tidleg på 1900-talet utvikla seg til mange forskjellige undersjangrar, som dixieland frå New Orleans frå tidleg i 1910-åra, swing med storband frå 1930- og 1940-åra, bebop frå midten av 1940-åra, forskjellige latinjazzblandingar som afro-kubansk og brasiliansk jazz frå 1950- og 1960-åra, jazzrock frå 1970-åra og meir moderne former som acid jazz.

Opphav endre

 
Måleri frå seint på 1700-talet kalla The Old Plantation, med afroamerikansk dans til banjo og perkusjon.

I 1808 hadde den atlantiske slavehandelen ført nesten ein halv million afrikanarar til USA. Slavane kom stort sett frå Vest-Afrika og førte med seg sterke musikalske tradisjonar.[3] Store festivalar med afrikansk dans til trommer vart organisert på søndagar ved Place Congo, eller Congo Square, i New Orleans fram til 1843, og liknande samlingar hadde ein i New England og New York. Afrikansk musikk var stort sett funksjonell og vart nytta til arbeid eller i ritual, som arbeidssongar. I den afrikanske tradisjonen hadde dei ei enkel melodilinje og ein såkalla call-and-response (kall og korsvar), men utan den europeiske bruken av harmoni. Rytmane gjenspegla afrikanske talemåtar og den afrikanske bruken av pentatoniske skalaer førte til blåtonar i blues og jazz.[4]

 
Blackface-minstrels i 1843, med tamburin, fele, banjo og bones.

Tidleg på 1800-talet hadde mange svarte musikarar lært seg å spele europeiske instrument, særleg fiolin, som dei nytta til å parodiere europeisk dansemusikk i sine eigne cakewalk-dansar. Til gjengjeld heldt europeisk-amerikanske artistar minstrelshow iført blackface-måling og gjorde slik musikk populært internasjonalt der dei kombinerte synkope med europeisk harmoni. Louis Moreau Gottschalk tilpassa afroamerikansk cakewalk-musikk og søramerikanske, karibiske og andre slavemelodiar til salongmusikk for piano. Andre inspirasjonskjelder kom frå svarte slavar som lærte seg den harmoniske stilen i salmar og nytta denne i sin eigen musikk som spirituals.[5] Opphavet til blues er ikkje dokumentert, men han vert sett på som ein langvarig motpart til spirituals. Paul Oliver har vist likskapar i instrument, musikk og sosial funksjon til griotane på den vestafrikanske savannen.[6]

1890-åra til 1910-åra endre

Ragtime endre

For meir om dette emnet, sjå Ragtime.
 
Scott Joplin.

Frigjeringa av slavane førte til nye mogelegheiter for utdanning for dei frigjorde afroamerikanarane, men streng segregering avgrensa sjansane for å få seg jobb. Svarte musikarar underheldt folk av «lågare klassar» på dansar, minstrelshow og i varieté og mange marsjband oppstod.[7][8]

Ragtime oppstod på noteark med den afroamerikanske entertaineren Ernest Hogan sine hitsongar i 1895 og to år seinare spelte Vess Ossman inn ein medley av desse songane som ein banjosolo kalla «Rag Time Medley».[9][10] I 1897 gav òg den kvite komponisten William H. Krell ut sin «Mississippi Rag» som det første instrumentale ragtimestykket for piano nokon gong. Den klassisk utdanna pianisten Scott Joplin kom med sin «Original Rags» året etter, og hadde så i 1899 ein internasjonal hit med «Maple Leaf Rag». Han skreiv mange populære ragtimesongar der han kombinerte synkope, banjobesiffring og stundom call-and-response, som førte til at ragtime-uttrykket vart tatt opp av klassiske komponistar som Claude Debussy og Igor Stravinskij. Blues vart gjeve ut og gjort populær av W. C. Handy, som «Memphis Blues» frå 1912 og «St. Louis Blues» frå 1914, og begge vart jazzstandardar.[6]

New Orleans endre

 
Buddy Bolden sitt band frå New Orleans (1905).

Musikken frå New Orleans var særs viktig i utviklinga av tidleg jazz. Mange tidlege jazzartistar spelte i bordell og barar i horestrøket rundt Basin Street kalla «Storyville».[11] I tillegg spelte mange marsjband ved overdådige gravferder arrangert av det afroamerikanske samfunnet. Instrumenta som vart nytta av marsjbanda og dansebanda vart dei grunnleggande instrumenta i jazz med messingblåsarar og røyrbladinstrument stemd i europeisk 12-toneskala, samt trommer. Små band som hovudsakleg bestod av sjølvlærte afroamerikanske musikarar spelte ei viktig rolle i utviklinga og utbreiinga av tidleg jazz, og mange av desse kom frå gravferdstradisjonane i New Orleans. Desse reiste rundt i svarte samfunn rundt om i Deep South og frå rundt 1914 tok afro-kreolske og afroamerikanske musikarar i varietéshow med seg jazzen til vestlege og nordlege byar i USA.[12]

 
Morton gav ut «Jelly Roll Blues» i 1915, den første jazzsongen som vart gjeve ut.

Den afro-kreolske pianisten Jelly Roll Morton starta karrieren sin i Storyville. Frå 1904 turnerte han med varietéshow rundt om i sørlege byar og spelte òg i Chicago og New York City. Songen hans «Jelly Roll Blues», som han komponerte rundt 1905, vart gjeve ut i 1915 som den tidlegaste jazz-songen som nokon gong vart gjeven ut, og introduserte fleire musikarar til New Orleans-stilen.[13] Buddy Bolden vart ein sentral artist, men han spelte likevel aldri inn musikken sin, og hamna i asyl i 1907. Nordaust i USA vart det utvikla ein populær ragtime-stil av James Reese Europe sitt symfoniske Clef Club-orkester i New York City, som spelte ein velgjerdskonsert i Carnegie Hall i 1912. I 1913 vart Europe og Society Orchestra den første svarte gruppa som gjorde ei jazzinnspeling.[14][15] Ragtimestilen til Eubie Blake frå Baltimore var påverka av pianospelinga til James P. Johnson, som utvikla den såkalla «stride-stilen», der høgrehanda spelar melodien, medan venstrehanda lagar rytmen og basslinja.[16]

«Livery Stable Blues» vart gjeven ut av Original Dixieland Jass Band i 1917 som ei av dei første jazzplatene.[17] Same året gav mange andre band ut innspelingar som hadde namnet «jazz» i tittelen eller bandnamnet, men dette var meir ragtime og andre stilar enn jazz. I september 1917 spelte W.C. Handy sitt Orchestra of Memphis inn ein eigen versjon av «Livery Stable Blues».[18] I februar 1918 førte James Reese Europe sitt infanteriband, Hellfighters, ragtime til Europa under den første verdskrigen,[19] og då dei kom tilbake spelte dei inn Dixieland-standarden «The Darktown Strutter's Ball».[15]

1920- og 1930-åra endre

«Just Wild about Harry» av Eubie Blake i ei innspeling frå 1922.
Rhapsody in Blue av George Gershwin

Rundt 1920 fekk jazzmusikken eit større publikum i USA. Dette skjedde først og fremst som eit resultat av at grammofonplater og radioar vart meir vanlege i bruk. Frå 1920 til 1933 var det forbod mot sal av alkoholhaldige drykkar i USA og dette førte til at jazz vart spelt på ulovlege brennevinsutsal. Jazz starta å få rykte på seg for å vere umoralsk og mange av den eldre generasjonen såg på musikkstilen som ein trugsel mot gamle kulturverdiar og som i staden fremma dekadente verdiar i dei glade 20-åra. Frå 1919 spelte Kid Ory sitt Original Creole Jazz Band frå New Orleans i San Francisco og Los Angeles der dei i 1922 vart det første svarte jazzbandet som spelte inn musikk.[20][21] Hovudsenteret for utviklinga av ny «Hot Jazz» var Chicago, der King Oliver slo seg saman med Bill Johnson. Mange afroamerikanarar reiste frå Sørstatane til Nordstatane i byrjinga av 1900-talet, for å få arbeid i den veksande industrien, og mykje av den musikken som er knytt til New Orleans vart eigentleg utvikla i Chicago. 1922 var òg året då Bessie Smith, den mest kjende av bluessongarane frå 1920-talet, spelte inn si første innspeling.[22]

 
The King & Carter Jazzing Orchestra. Bilete frå Houston i Texas, januar 1921.

Bix Beiderbecke danna The Wolverines i 1924. Same året slo Louis Armstrong seg saman med Fletcher Henderson sitt danseband som solist og etter eitt år danna han det dyktige bandet Hot Five, som gjorde scat-song populært.[23] Jelly Roll Morton spelte inn musikk med New Orleans Rhythm Kings i eit band av både kvite og svarte artistar, og i 1926 anna han Red Hot Peppers.

Det var ein stor marknad for jazzaktig dansemusikk spelt av kvite orkester, som Jean Goldkette og Paul Whiteman sine orkester. I 1924 bestilte Whiteman Gershwin sin Rhapsody in Blue, som hadde premiere med Whiteman sitt orkester. Andre viktige band var Fletcher Henderson og Duke Ellington sitt band i New York City og Earl Hines sitt band i Chicago. Alle var viktige bidragsytarar til utviklinga av swing-jazz spelt av storband.[24]

Ei av dei heilt første norske jazzgruppene var Sixpence Jazzband frå Kristiania i 1923, og det lengstspelande, Bodega Band vart oppretta i Trondheim i 1929.

Swing endre

For meir om dette emnet, sjå Swing-jazz.

I 1930-åra vart swingstorband særs populære og fleire av dei dyktige solistane vart kjende bandleiarar. Viktige personar i utviklinga av storbandjazz var bandleiarar og arrangørar som Count Basie, Cab Calloway, Fletcher Henderson, Earl Hines, Duke Ellington, Artie Shaw, Tommy Dorsey, Benny Goodman og Glenn Miller, og desse fekk noko nær stjernestatus i 30- og 1940-åra.

 
Trompetist, bandleiar og songar Louis Armstrong, internasjonalt kjend som «Ambassador of Jazz» («Jazzambassadøren»), var ein viktig bidragsytar til utviklinga av tidleg jazz.

Swing var òg dansemusikk og vart kringkasta direkte på radio over heile USA kvar kveld i mange år. Swing vart spelt av storband, men hadde òg plass til soloar, som kunne vere særs kompliserte. Av bandleiarar som spesialiserte seg på direkte radiosendingar med swingmusikk i denne perioden var Shep Fields.

Etter kvart vart samfunnet mindre strengt når det gjaldt rasesegregering og kvite bandleiarar byrja å ta med svarte musikarar i banda sine. I midten av 1930-åra leigde Benny Goodman pianisten Teddy Wilson, vibrafonisten Lionel Hampton og gitaristen Charlie Christian for å danne små grupper. Tidleg i 1940-åra vart stilen jump blues spelt av små jazzgrupper med uptempo musikk og akkordprogresjonar frå blues. Jump blues baserte seg på boogie-woogie frå 1930-talet. Kansas City Jazz i 1930-åra markerte ein overgang frå storband til bebop i 1940-åra.

Europeisk jazz endre

I Europa dukka ein særeigen europeisk jazzstil opp i Frankrike med Quintette du Hot Club de France som starta i 1934. Den belgiske gitaristen Django Reinhardt spelte sigøynerjazz, ei blanding av 1930-tals amerikansk swing-jazz, fransk bal-musette og austeuropeisk folkemusikk i ein tilbakelent og forførande stil. Dei viktigaste instrumenta var stålstrengegitar , fiolin og kontrabass. Soloar gjekk frå ein musikant til den nest medan gitar og bass spelte rolla som rytmeseksjon. Enkelte musikkhistorikarar hevdar at det var Eddie Lang (gitar) og Joe Venuti (fiolin) som var dei første til å spele sigøynarjazz[25] og som så vart ført til Frankrike etter å ha vorte høyrt på konsertar eller på Okeh Records seint i 1920-åra.[26] Denne stilen er kjend i Noreg gjennom Hot Club de Norvége (1980-).

I Sverige vart tidsskriftet Orkesterjournalen oppretta i 1933 vert det mest langvarige jazz-tidsskriftet i verda, tett etterfølgd av Down Beat (1934).

1940- og 1950-åra endre

Ny dixieland endre

Seint i 1930-åra vart dixieland-stilen igjen populær med den originale kontrapunktiske New Orleans-stilen. Dette kom hovudsakleg av at plateselskapa gav ut tidlege jazzklassikarar på nytt, som Oliver, Morton og Armstrong sine band på 1930-talet. Det var to gruppe musikarar som var involvert i dette.

Ei gruppe bestod av menn som hadde starta karrieren sin med å spele den tradisjonelle stilen, og som anten gjekk tilbake til han eller heldt fram med å spele den stilen dei alltid hadde gjort. Seint i 1930-åra førte Bob Crosby sine Bobcats an i denne gjenopptakinga. Andre viktige dixieland-artistar frå denne tida var Max Kaminsky, Eddie Condon og Wild Bill Davison. Dei fleste av gruppene kom hovudsakleg frå Midtvesten, men det var òg nokre frå New Orleans.

Den andre gruppa bestor av unge musikarar som var for unge då den tidlege jazzen vart utvikla. Lu Watters sitt band var kanskje det viktigaste av denne andre gruppa. Seint i 1940-åra var stilen på full veg opp att. Louis Armstrong danna sitt Allstars band, som vart ein av dei førande aktørane innan ny dixieland. Gjennom 1950- og 1960-åra var dixieland ein av dei mest kommersielt populære jazzstilane i Amerika, Europa og Japan, sjølv om kritikarane gav han lite merksemd.[27]

Bebop endre

I midten av 1940-åra var bebop-artistar med på å flytte jazz frå populær dansemusikk til meir utfordrande «musikk for musikarar». Små band samla seg på nattklubbar og utforska bebopen. Tidleg bebop skilde seg kraftig ut frå swing og etablerte seg meir som ei kunstform, men var ikkje like tilgjengeleg for det vanlege publikumet. Viktige bebopmusikarar var mellom anna saksofonisten Charlie Parker, pianistane Bud Powell og Thelonious Monk, trompetistane Dizzy Gillespie og Clifford Brown, bassisten Ray Brown og trommeslagaren Max Roach.

Bebopparar introduserte nye former for kromatisisme og dissonans i jazz og låtane gjekk ofte i eit høgt tempo der musikarane improviserte over akkordprogresjonar, og ikkje over melodiar, slik det hadde vore vanleg tidlegare. Trommestilen endra seg òg og vart meir flyktig og eksplosiv, der ridecymbal vart nytta for å halde takten, medan skarp- og basstromma vart nytta til uføreseielege betoningar. Desse endringane frå den populære jazzen på denne tida vart først møtt med eit delt, og stundom fiendtleg syn hos publikum og andre musikarar. I 1950-åra hadde bebop vorte ein akseptert de av jazzen.

Ein nordmann som vart kjend innan sjangeren er Egil «Bop» Johansen.

Cool jazz endre

Cool jazz dukka opp seint i 1940-åra i New York City, som ei blanding av stilar som tidlegare hovudsakleg kvite artistar og svarte bebopartistar hadde spelt. Cool jazz-innspelingar av Chet Baker, Dave Brubeck, Bill Evans, Gil Evans, Stan Getz og the Modern Jazz Quartet har vanlegvis eit «lettare» lydbilete som ikkje nytta det aggressive tempoet og dei abstrakte harmoniane i bebop. Ei viktig innspeling var Miles Davis sitt album «Birth of the Cool» (spora vart opphavleg spelt inn i 1949 og 1950 og samla på plate i 1957). Musikarar som pianisten Bill Evans byrja å leite etter nye måtar å strukturere improvisasjonane sine på ved å utforske modalmusikk. Cool jazz vart seinare sterkt identifisert med West Coast jazz-miljøet. Han påverka seinare jazzstilar som bossanova, modaljazz (særleg Miles Davis sin «Kind of Blue» i 1959) og sjølv frijazz.

Hard bop endre

Hard bop er ei vidareutvikling av bebop (eller «bop») med ingrediensar frå rhythm and blues, gospel og blues, særleg i måten saksofonen og pianoet vert spelt på. Hard bop utvikla seg på midten av 1950-talet, delvis som eit svar til den populære cool jazz-stilen tidleg på 1950-talet. Hard bop-stilen kom til i 1953 og 1954 samstundes med rhythm and blues. Miles Davis si framføring av «Walkin'», tittelsporet på albumet med same namn, på den aller første Newport Jazz Festival i 1954 viste første gong stilen for jazzverda. Kvintetten Art Blakey and the Jazz Messengers, med Blakey som frontmann og med pianisten Horace Silver og tromptisten Clifford Brown, var førande i hard bop-rørsla i lag med Davis. Skilnadane mellom dei to stilartane bør likevel ikkje overdrivast, då artistar som Miles Davis opererte innanfor begge.

I Noreg vart Norsk jazzforbund danna i 1953 og Buddyprisen vat oppretta året etter.

Frijazz endre

 
Bilete frå 2006 av Peter Brötzmann, ein viktig artist i europeisk frijazz.

Frijazz og den skylde avantgardejazzen er undersjangrar med røter i bebop, men som med medvit gjekk inn for å bryte dei rytmiske og harmoniske rammene i tidlegare jazzstilar og gav artistane meir fritt spelerom. Dette vart sett på som kontroversielt då stilen dukka opp. Bassisten Charles Mingus er ein av artistane som er assosiert med fri- og avantgardejazz, sjølv om komposisjonane hans kom frå ei rekkje stilar og sjangrar. Frijazzen vart til mot slutten av 1950-åra med dei tidlege innspelingane til Ornette Coleman og Cecil Taylor. I 1960-åra finn ein artistar som John Coltrane, Archie Shepp, Sun Ra, Albert Ayler, Pharoah Sanders og andre innanfor sjangeren. Frijazz fekk raskt fotfeste i Europa, delvis fordi musikarar som Ayler, Taylor, Steve Lacy og Eric Dolphy i lange periodar heldt seg her.

Trass i at frijazzen gjerne vert sett på som grunnleggjande ulik andre former for jazz, kan ein likevel finne ein glidande overgang. John Coltrane gjekk til dømes frå å skape reine hard bop-plater i slutten av 1950-åra, til å gradvis nærme seg frijazzen utover 1960-åra. Retninga oppstod samtidig med borgarrettsrørsla i USA, og mange av frijazzmusikarane såg musikken som ein del av opprøret mot dei eksisterande samfunnsstrukturane. Dette var også tilfelle for fleire av dei som heldt seg til meir tradisjonelle former for jazz, som til dømes Max Roach.

1960- og 1970-åra endre

Latinjazz endre

Latinjazz har to hovudvariantar: afro-kubansk og brasiliansk jazz. Afro-kubansk jazz dukka opp like etter bebop-perioden, medan brasiliansk jazz vart meir populært i 1960-åra. Afro-kubansk jazz starta som ei rørsle på midten av 1950-talet då bebop-musikarar som Dizzy Gillespie og Billy Taylor starta afro-kubanske band påverka av kubanske og puertoricanske musikarar som Xavier Cugat, Tito Puente og Arturo Sandoval. Brasiliansk jazz som bossa nova kjem frå samba og er påverka av jazz og andre klassiske og populære musikkstilar. Bossa har generelt eit moderat tempo og melodiane vart ofte sunge på porugisisk. Pionerar innan stilen var mellom anna brasilianarane João Gilberto, Antônio Carlos Jobim og Vinícius de Moraes. Det skylde omgrepet jazz-samba skildrar ei tilpassing av bossa nova-komposisjonar til jazz-uttrykket av amerikanske artistar som Stan Getz og Charlie Byrd.

Souljazz endre

Souljazz var ei vidareutvikling av hard bop med sterk påverknad frå blues, gospel og rhythm and blues for små grupper, ofte ein orgeltrio med Hammondorgel. I motsetnad til hard bop nyttar souljazz ofte repeterande tema og melodiske «hooks», og improvisasjonar var ofte mindre komplekse enn i andre jazzstilar. Horace Silver hadde ein stor påverknad på souljazzstilen med songar som nytta funky og ofte gospel-basert pianoakkompagnement. Viktige souljazzorganistar er mellom anna Jimmy McGriff, Jimmy Smith og Johnny Hammond Smith, og saksofonistane Eddie «Lockjaw» Davis og Stanley Turrentine.

Jazz-fusion endre

 
Chick Corea

Seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra oppstod ei blandsingsform av jazz og rock kalla jazz-fusion. Sjølv om puritanske jazzentusiastar protesterte mot blandinga av jazz og rock vart det fleire store jazzartistar som gjekk over frå hardbop-miljøet til fusion. Jazz-fusion blandar ofte taktar, har rare tempoangjevingar, synkope og komplekse akkordar og harmoniar. Instrumenta er ofte elektriske, som elektrisk gitar, elektrisk bass og elektrisk piano og synthesizer. Kjende jazz-fusion-artistar er Miles Davis, keyboardistane Joe Zawinul, Chick Corea og Herbie Hancock, vibrafonisten Gary Burton, trommeslagaren Tony Williams, gitaristane Larry Coryell og John McLaughlin, Frank Zappa, saksofonisten Wayne Shorter, og bassisten Jaco Pastorius.

Utvikling i 1970-åra endre

Interessa for jazz og andre former for afroamerikanske kulturelle uttrykk auka under Black Power-rørsla tidleg på 1970-talet. Musikarar som Pharoah Sanders, Hubert Laws og Wayne Shorter byrja å nytte kalimba, kubjøller og andre instrument som ikkje var vanlege i jazz. Alice Coltrane vart kjend som ein jazz-harpist, Jean-Luc Ponty som ein jazzfiolinsit og Rufus Harley som sekkepipespelar. Jazz heldt fram å endre og utvide seg og påverka andre former for musikk som verdsmuikk, avantgarde klassisk musikk, og rock og pop. Gitaristen John McLaughlin sitt Mahavishnu Orchestra spelte ei blanding av rock, jazz og indisk musikk. Plateselskapet ECM starta i 1970-åra med artistar som Keith Jarrett, Paul Bley, the Pat Metheny Group, Jan Garbarek, Ralph Towner og Eberhard Weber, som oppretta ein ny kammermusikkstil med hovudsakleg akustiske instrument og element frå verdsmusikk og folkemusikk.

Norsk jazz i 1960- og 1970-åra endre

I 1961 vart dei første jazzfestivalane i Noreg oppretta, som Moldejazz i 1961 og Kongsberg Jazzfestival i 1965. Vozzajazz vart oppretta i 1973 og den viktige jazzlinja på NTNU starta i 1979.

1980-åra og fram til i dag endre

I 1980-åra vart jazzsamfunnet langt mindre og delte seg i mange grupper. Eit hovudsakleg eldre publikum opprettheldt interessa for tradisjonelle og «streite» jazzstilar.

Pop-fusion og andre undersjangrar endre

Tidleg i 1980-åra vart ei lettare kommersiell form for jazz-fusion, kalla pop-fusion eller «smooth jazz» populær og vart mykje spelt på radio. Av smooth jazz saksofonistar finn ein Grover Washington, Jr., Kenny G og Najee. Smooth jazz vart mykje spelt på radio i lag med meir streit jazz som quiet storm, og artistar som Al Jarreau, Anita Baker, Chaka Khan og Sade vart populære.

Seint på 1980-talet og tidleg i 1990-åra oppstod fleire blandingssjangrar mellom jazz og popmusikk, som acid jazz, nu jazz og jazz-rap. Acid jazz og nu jazz kombinerte element frå jazz med moderne former for elektronisk dansemusikk. Sjølv om nu jazz er påverka av jazzharmoniar og melodiar vert det ikkje nytta improvisasjonar. Jazz-rap blanda jazz og hip-hop. Gang Starr spelte inn «Words I Manifest», «Jazz Music», og «Jazz Thing» der han sampla Charlie Parker og Ramsey Lewis, og samarbeida med Branford Marsalis og Terence Blanchard. Frå 1993 og framover nytta rapparen Guru sin Jazzmatazz-serie fleire jazzmusikarar under innspelingane sine.

Eksperimentelle og meir streite artistar endre

I den meir eksperimentelle og improvisasjonsbaserte enden av spekteret finn ein den norske pianisten Bugge Wesseltoft og den amerikanske bassisten Christian McBride. I den andre enden, mot pop og dansemusikk, finn ein St. Germain som blandar levande jazz med house-rytmar. Radiohead, The Mars Volta, Björk og Portishead har og blanda inn jazz i musikken sin.

På 2000-talet har streit jazz framleis ein del lyttarar. Etablerte jazzmusikarar med lange karrierar som Dave Brubeck, Chick Corea, Jack DeJohnette, Bill Frisell, Charlie Haden, Herbie Hancock, Roy Haynes, Keith Jarrett, Wynton Marsalis, John McLaughlin, Pat Metheny, Paquito D'Rivera, Sonny Rollins, John Scofield, Wayne Shorter, John Surman, Stan Tracey og Jessica Williams spelar framleis.

Improvisasjon endre

 
Reggie Workman, Pharoah Sanders og Idris Muhammad, o. 1978

Det er vanskeleg å gi ein eintydig definisjon av kva jazz er, men improvisasjon er eit nøkkelelement innan stilretninga. Improvisasjonen var ein viktig del av afrikansk og tidleg afrikansk-amerikansk musikk, og den er tett knytt til bruken av «call and response» i desse kulturane.

Måten ein improviserer har forandra seg over tid. Tidleg bluesmusikk var ofte basert på eit «call and response»-mønster, og ein brukte improvisasjon i tekst og/eller melodi.

I den tradisjonelle jazzen og Dixieland-stilen, byter musikarane på å spele melodien medan dei andre improviserer motstemmer. I motsetnad til klassisk musikk, der ein freistar å spele musikken slik komponisten hadde førestilt seg den, er målet i jazz å lage nye tolkingar. Dette kan gjerast ved å endre melodien, harmonien eller til og med taktarten. På den andre sida er dei rytmiske elementa strengt kontrollerte, og ein har lite variasjon i det grunnleggjande tempoet.

I Swing-æraen brukte storbanda å spele musikk som var arrangert og nedskriven på notar. Enkeltsolistar spelte improviserte soloar over desse komposisjonane. I bebopen vart merksemda flytta frå arrangeringa til improvisasjonen over skjemaet; musikarane la mindre vekt på melodien, som vart spelt på byrjinga og mot slutten av låten.

Nokre seinare stilretningar, som til dømes modaljazzen, heldt ikkje lenger fast ved den same akkordprogresjonen, og tillet enkeltmusikarane å improvisere friare innanfor ein gjeven skala (eit eksempel er Miles Davis sitt Kind of Blue-album). Avant-garde og frijazzmusikarar går lengre enn dette, og fjernar dei resterande rytmiske og harmoniske grensene for kva som er «lov» å spele.

Når ein pianist, gitarist eller andre improviserar eit akkompagnement bak ein solist, vert det kalla komping. «Vamping» er ein måte å kompe der ein berre spelar eit par akkordar eller taktar, i motsetnad til å kompe over akkordskjemaet for heile komposisjonen. Som oftast er vamping brukt som ein enkel måte å forlenge byrjinga eller slutten av eit stykke, eller for å førebu ein overgang.

I moderne jazz-komposisjonar, der dei underliggande akkordane er spesielt raske eller kompliserte, kan komponisten lage eit sett «blowing changes», som er ei forenkla rekkje akkordar som er lettare å kompe og improvisere over.

Stilretningar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jazz

Kjelder endre

  1. Alyn Shipton, A New History of Jazz, 2nd. ed., Continuum, 2007, s. 4–5
  2. Bill Kirchner, The Oxford Companion to Jazz, Oxford University Press, 2005, Chapter Two.
  3. Cooke 1999, s. 7–9
  4. Cooke 1999, s. 11–14
  5. Cooke 1999, s. 14–17, 27–28
  6. 6,0 6,1 Cooke 1999, s. 18
  7. Cooke 1999, s. 28, 47
  8. Catherine Schmidt-Jones (2006). «Ragtime». Connexions. Henta 8. september 2008. 
  9. Cooke 1999, s. 28–29
  10. «The First Ragtime Records (1897-1903)». Henta 8. september 2008. 
  11. Cooke 1999, s. 47, 50
  12. «Original Creole Orchestra». The Red Hot Archive. Henta 8. september 2008. 
  13. Cooke 1999, s. 38, 56
  14. Cooke 1999, s. 78
  15. 15,0 15,1 Floyd Levin. «Jim Europe's 369th Infantry "Hellfighters" Band». The Red Hot Archive. Henta 8. september 2008. 
  16. Cooke 1999, s. 41–42
  17. «Tim Gracyk's Phonographs, Singers and Old Records – Jass in 1916-1917 and Tin Pan Alley». Henta 8. september 2008. 
  18. «The First Jazz Records». The Red Hot Archive. Henta 8. september 2008. 
  19. Cooke 1999, s. 44
  20. Cooke 1999, s. 54
  21. «Kid Ory». The Red Hot Archive. Henta 9. september 2008. 
  22. «Bessie Smith». The Red Hot Archive. Henta 9. september 2008. 
  23. Cooke 1999, s. 56–59, 78–79, 66–70
  24. Cooke 1999, s. 82–83, 100–103
  25. «Ed Lang and his Orchestra». www.redhotjazz.com. Henta 9. september 2008. 
  26. Bill Crow (1990). Jazz Anecdotes. New York: Oxford University Press. 
  27. Collier, 1978
  • Cooke, Mervyn (1999). Jazz. London: Thames and Hudson. ISBN 0-500-20318-0. .
  • Adorno, Theodor. «Prisms.» The MIT Press: Cambridge, MA. 1967.
  • Allen, William Francis, Charles Pickard Ware og Lucy McLim Garrison, eds. 1867. Slave Songs of the United States. New York: A Simpson & Co. Electronic edition, Chapel Hill, N. C.: Academic Affairs Library, University of North Carolina at Chapel Hill, 2000.
  • Burns, Ken, and Geoffrey C. Ward. 2000. Jazz—A History of America's Music. New York: Alfred A. Knopf. Also: The Jazz Film Project, Inc.
  • Collier, James Lincoln. The Making of Jazz: A Comprehensive History (Dell Publishing Co., 1978)
  • Davis, Miles. 2005. Boplicity - Delta Music plc. ISBN 4-006408-264637
  • Elsdon, Peter. 2003. "The Cambridge Companion to Jazz, Edited by Mervyn Cooke and David Horn, Cambridge: Cambridge University Press, 2002. Review." Frankfürter Zeitschrift für Musikwissenschaft 6:159–75.
  • Gang Starr. 2006. Mass Appeal: The Best of Gang Starr. CD-innspeling 72435-96708-2-9. New York: Virgin Records.
  • Giddins, Gary. 1998. Visions of Jazz: The First Century New York: Oxford University Press. ISBN 0195076753
  • Gridley, Mark C. 2004. Concise Guide to Jazz, fourth edition. Upper Saddle River, NJ: Pearson/Prentice Hall. ISBN 0131826573
  • Kenney, William Howland. 1993. Chicago Jazz: A Cultural History, 1904-1930. New York: Oxford University Press. ISBN 0195064534 (cloth); paperback reprint 1994 ISBN 0195092600
  • Paul Oliver (1970). Savannah Syncopators: African Retentions in the Blues. London: Studio Vista. ISBN 0-289-79827-2. .
  • Mandel, Howard. 2007. Miles, Ornette, Cecil: Jazz Beyond Jazz. Routledge. ISBN 0415967147.
  • Porter, Eric. What Is This Thing Called Jazz? African American Musicians as Artists, Critics and Activists. University of California Press, Ltd. London, England. 2002.
  • Ratliffe, Ben. 2002. Jazz: A Critic's Guide to the 100 Most Important Recordings. The New York Times Essential Library. New York: Times Books. ISBN 0805070680
  • Scaruffi, Piero: A History of Jazz Music 1900-2000 (Omniware, 2007)
  • Szwed, John Francis. 2000. Jazz 101: A Complete Guide to Learning and Loving Jazz. New York: Hyperion. ISBN 0786884967
  • Scott Yanow. 2004. Jazz on Film: The Complete Story of the Musicians and Music Onscreen. (Backbeat Books) ISBN 0879307838