Anita Taring
Tone Anita Taring (19. mars 1960–7. april 2022)[1] var ein norsk handballspelar. Ho var rykkromspelar og deltok i 32 landskampar i tida 1979-81.
Anita Taring | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. mars 1960 |
Død | 7. april 2022 (62 år) |
Idrett | handball |
Taring var Njård-spelar til 1978. Sidan spelte ho for Nordstrand IF til 1989 og hadde enkelte innhopp i laget også seinare. Ho vann NM-sølv i 1980 og vart noregsmeister i 1987.
For det norske landslaget spelte Taring i vel to år, frå september 1979 til november 1981. På dei 32 kampane skåra ho 54 mål.
Kjelder
endre- ↑ «Minneside for Tone Anita Taring», bgr.vareminnesider.no (på norsk bokmål), henta 22. april 2022
- Totaloversikt for Taring, Tone Anita ved handball.no