1960
år
1960 (romartal MCMLX) er blitt kalla Afrika-året (the Year of Africa) ettersom seksten afrikanske land fekk sjølvstende i løpet av året.
1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endreUtlandet
endre- 1. januar: Fransk Kamerun fekk sjølvstende frå Frankrike.
- 27. april: Togo fekk sjølvstende frå Frankrike.
- 20. juni: Maliføderasjonen mellom Senegal og Den sudanske republikken fekk sjølvstende frå Frankrike. Landet delte seg snart i Mali og Senegal.
- 26. juni: Britisk Somaliland fekk sjølvstende og gjekk fem dagar seinare i union med det tidlegare Italienske Somaliland til det noverande Somalia.
- Madagaskar fekk sjølvstende frå Frankrike som Den malagassiske republikken.
- 30. juni: Belgisk Kongo fekk sjølvstende frå Belgia. Borgarkrig braut etter kvart ut i landet.
- 1. juli: Ghana blei republikk med Kwame Nkrumah som sin første president.
- 11. juli: Moise Tshombe erklærte den kongolesiske provinsen Katanga sjølvstendig. Han bad om, og fekk, belgisk støtte.
- 27. juli: OECD blei grunnlagd i Paris.
- 1. august: Dahomey, no Benin, fekk sjølvstende frå Frankrike.
- 3. august: Niger fekk sjølvstende frå Frankrike.
- 5. august: Øvre Volta, no Burkina Faso, fekk sjølvstende frå Frankrike.
- 7. august: Elfenbeinskysten (Côte d'Ivoire) fekk sjølvstende frå Frankrike.
- Albert Kalonji erklærte Sør-Kasai sjølvstendig frå noverande Kongo-Brazzaville.
- 11. august: Tsjad fekk sjølvstende frå Frankrike.
- 13. august: Oubangi-Chari, seinare Den sentralafrikanske republikken, fekk sjølvstende frå Frankrike.
- 15. august: Midt-Kongo fekk sjølvstende frå Frankrike som Kongo-Brazzaville.
- 16. august: Kypros fekk sjølvstende frå Storbritannia.
- 1. oktober: Nigeria fekk sjølvstende frå Storbritannia.
- 24. oktober: Zambia fekk sjølvstende frå Storbritannia.
- 28. november: Mauritania fekk sjølvstende frå Frankrike.
- 15. desember: Kong Mahendra av Nepal avsette regjeringa og tok makta i landet.
- Frigjeringsrørsla SWAPO vart grunna i Namibia.
- Hutuane danna eige parti som vann over tutsiaristokratiet i val i Rwanda.
Noreg
endre- Lov om bustadbyggelag og lov om borettslag blei vedtatt
- NRK starta regulære fjernsynsendingar.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde i 1960.
- 4. januar: Michael Stipe, USA-amerikansk musikar
- 6. februar: Per Sandberg, norsk politikar
- 15. februar: Bjørg Eva Jensen, norsk skeiseløpaer
- 21. mars: Ayrton Senna, brasiliansk bilførar
- 25. mars: Chad Wackerman, USA-amerikansk musikar
- 29. mars: Jo Nesbø, norsk forfattar og musikar
- 2. april: Linford Christie, britisk friidrettsutøvar
- 5. mai: Øystein Djupedal, norsk politikar
- 8. mai: Franco Baresi, italiensk fotballspelar
- 10. mai: Merlene Ottey, jamaicansk friidrettsutøvar
- 14. juli: Angélique Kidjo, beninsk musikar
- 4. august: José Luis Rodríguez Zapatero, spansk statsminister
- 25. august: Jonas Gahr Støre, norsk politikar
- 2. september: Kristin Halvorsen, norsk politikar
- 14. oktober: Steve Cram, britisk friidrettsutøvar
- 30. oktober: Diego Maradona, argentinsk fotballspelar
- 8. desember: Inger Helene Nybråten, norsk langrennsløpar
- 11. desember: Frode Grytten, norsk forfattar og journalist
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1960.
- 4. januar: Albert Camus, fransk forfattar og nobelprisvinnar (bilulukke)
- 12. januar: Nevil Shute, britisk forfattar
- 25. mars: Knut Uksnøy, norsk fiskar og organisasjonsleiar
- 10. april: Arthur Benjamin, australsk toneskapar
- 17. april: Eddie Cochran, USA-amerikansk musikar
- 28. mai: Nic Waal, norsk lege
- 30. mai: Boris Pasternak, sovjetrussisk forfattar
- 6. juli: Aneurin Bevan, britisk politikar
- 9. september: Jussi Björling, svensk songar
- 14. oktober: Sigurd Hoel, norsk forfattar
- 25. oktober: Harry Ferguson, britisk oppfinnar og næringsdrivar
- Hans Aarnes, norsk forleggjar
- 2. desember: Lauritz Weibull, svensk historikar
- 12. desember: Christopher Hornsrud, norsk stastminister
- 29. oktober: Johan Gunnar Andersson, svensk arkeolog
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>