Ankergang er eit reguleringssystem for gangen i eit mekanisk urverk (klokke eller ur til måling av tida), funne opp i 1671 av engelskmannen William Clement. Ankergangen syter for at urverket går med jamn fart, og verkar ved at ankeret (òg kalla ankerhaka) på ein aksel svingar att og fram og slepp fram ein tann på eit tannhjul, ganghjulet, for kvar einskild svinging. For å styre frekvensen på dei svingningane som ankeret (ankerhaka) gjer, er ankeret knytt til anten ein pendel (i pendelur som til dømes golv- og veggur) eller til ein såkalla uro, eit hjul som svinger att og fram ved hjelp av ei spiralfjør ikring akselen (i til dømes armbandsur og lommeur).

Modell som syner ein såkalla sveitsisk ankergang.
Verket i eit mekanisk ur, Kaliber J88, frå 1946 frå den tyske urfabrikken Junghans. Uroa med justerings-mekanismen er å sjå i nedre parten som eit hjul med ei spiralfjør kring akselen.

Svingningsfrekvensen på pendelen kan endrast ved å endre lengda mellom opphenget og den vekta som heng på pendelen, og svingsfrekvensen på uroa kan endrast ved å stramme eller slakke på fjøra i uroa. Ved slike endringar endrast òg svingningsfrekvensen på ankeret (ankerhaka), og med dette farten på ganghjulet. Slik kan urverket justerast til den farta som er rett for at uret skal syne rett tid. Ganghjulet, og urverket i det heile, vert drive av anten ei stålfjør som må strammast manuelt (som i armbandesur, lommeur, somme typar veggur, kaminur og liknande) eller av eit lodd som heng i ein kjede og fell sakte nedover, og må dragast opp att manuelt, slik som i mange vegg- og golvur: ura må trekkast opp.

Den mest nytta typen av ankergang var den såkalla «sveitsiske ankergangen». Her er ankerhaka opplagra i syntetiske edelsteinar. I billegare ur og i vekkarur vart det nytta stiftanker, og i pendelur vart det nytta ulike typar ankergang kalla slepegang eller kvilegang, som til dømes i dei norske Toten-ura og dei tyske Schwarzwald-ura.

KjeldeEndra