Ann Sire Fjerdingstad

norsk politikar

Ann Sire Fjerdingstad (fødd 23. juli 1959) er ein norsk politikar for Høgre som er ordførar i Øvre Eiker kommune.[1] Ho vart gjenvalt i 2011[1] og 2015.

Ann Sire Fjerdingstad
Fødd 23. juli 1959
Parti Høgre

Politisk karriereEndra

Fjerdingstad sa seg villig til å stille som listefyll for kommunevalet i 2007.[2] Ho fekk ei stor mengd personstemmer som resulterte i ein plass i kommunestyret.[2] Når ordførar Anders B. Werp vart valt inn på Stortinget hausten 2009 vart ho spurt om å overta som ordførar.[2] Høgre var så nøgde med henne som ordførar at dei ynskte henne som ordførarkandidat for kommunevalet i 2011.[2]

Pioner i fotballEndra

Ann Sire Jensen deltok på Drafns damelag i fotball i perioden 1977–80 og var ein av pionerane i norsk damefotball. Ho har seinare vore aktiv og lagleiar i andre idrettar.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Ann gjenvalgt som ordfører». Bygdeposten. 19. oktober 2011. Henta 13. november 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Inger Boldvik (30. august 2010). «Usikker på gjenvalg». dt.no. Henta 13. november 2011.