Knut Kvale er ein norsk språkteknolog som har spesialisert seg på lydteknologi.

Kvale er sivilingeniør frå 1987 og har ein doktorgrad frå 1993 ved institutt for Teleteknikk, NTNU.[1] Han har vore sentral i utviklinga av taleteknologi hos Telenor. Han har også vore aktiv i utforminga av norsk språkteknologi, m.a. som medlem av rådet i Språkbanken.

Kvale arbeider som seniorforskar ved avdeling for forsking og framtidsstudium ved Telenor og har vore professor II ved Universitetet i Oslo, institutt for medier og kommunikasjon[2] og professor II i taleteknologi/signalbehandling ved Universitet i Stavanger 1999-2006.[1]

Bibliografi (utval) endre

  • Kvale, Knut & Sell, Olav & Hodnebrog, Stig & Følstad, Asbjørn. (2020). Improving Conversations: Lessons Learnt from Manual Analysis of Chatbot Dialogues. 10.1007/978-3-030-39540-7_13.
  • Kvale, Knut. (2014). Norsk språk i eit taleteknologisk perspektiv. Sprog i Norden. 9-23.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Kvale, Knut - MediaLT», medialt.no, henta 8. november 2022 
  2. Kvale, Knut. (2014). Norsk språk i eit taleteknologisk perspektiv. Sprog i Norden. 9-23.