Anna Bunina

Anna Petrovna Bunina (7. januar 17744. desember 1829) var ein russisk diktar. Ho var den første kvinnelege diktaren i Russland til å livnæra seg berre av litteraturen sin.[1] Ho var i slekt med nobelprisvinnaren Ivan Bunin.[2]

Anna Bunina
Anna Bunina by M.P.Vishnevetsky after Varnek (1830, IRLI RAN).jpg
Fødenamn А́нна Петро́вна Бу́нина ˈannə pʲɪˈtrovnə ˈbunʲɪnə
Pseudonym —а—а—, —а—а—а
Fødd 7. januar 1774, 1774
Urusovo
Død

16. desember 1829 (55 år)
Denisovka

Yrke lyrikar, omsetjar, skribent
Anna Bunina på Commons

LivEndra

Anna Bunina blei fødd i landsbyen Urusovo i Ryazan guvernement (dagens Lipetsk oblast). Mor hennar døydde i barsel. Ho blei oppseda hjå diverse slektningar, og fekk berre ei enkel utdanning. Ho byrja å skriva då ho var rundt 13. Ho gav ut sitt første verk i 1799.[3]

I 1802 flytta Anna Bunina til Sankt Petersburg takka vera ei lita arv etter far sin.[3] Her skipa ho ein eigen husstand og forbetra utdanninga si ved hjelp av huslærarar. Ho vigde seg heilt til å skriva, og klarte seg ved hjelp av støtte frå mesenar og sine eigne utgjevingar. Den russiske keisarfamilien tildelte henne pensjon i 1809, 1810 og 1813. Frå 1807 til 1810 var ho del av den litterære sirkelen til Gavrila Derzjavin og Aleksandr Sjisjkov. Ho var blitt introdusert for Sjishkov ved hjelp av slektningar, og han blei ein mentor for henne.[1] I 1811 blei ho gjeven æresmedlemskap i det litterære selskapet 'Elskarar av det russiske ordet'.[1]

Det fyrste verket hennar, 'Den uerfarne musa', kom ut i 1809. I 1812 følgde eit nytt band med same tittel. Bunina drog til Storbritannia i 1815-17 for å få brystkreftbehandling, men denne lukkast ikkje. Ho gav ut ei 'Verk i samling' i 1819. I 1820 blei ho utnemnd til æresmedlem av 'Det frie samfunnet av litteratur-, vitskaps- og kunstelskarar'. Ho forlét Sankt Petersburg i 1824 på grunn av den pågåande sjukdommen sin, og budde hjå slektningar, men var framleis økonomisk uavhenging. Ho dødde i Denisovka i Ryazan i 1829, og blei gravlagd i Urusovo.[3]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Smith, Bonnie (2008). The Oxford Encyclopedia of Women in World History, Volume 1. Oxford University Press. s. 265–266. ISBN 0-19-514890-8. Henta 24. november 2011. 
  2. Bagdasarova, Sofya. «Первая в профессии: поэтесса Анна Бунина». Культура.РФ (på russisk). Ministry of Culture of the Russian Federation. Henta 21. mai 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Cornwell, Neil; Christian, Nicole (1998). Reference Guide to Russian Literature. Fitzroy Dearborn Publishers. s. 210. ISBN 1-884964-10-9. Henta 24. november 2011.