Muse
- Denne artikkelen handlar om den engelske musikkgruppa. For dei mytologiske vesena, sjå muser.
Muse er eit britisk alternativ rockeband frå Teignmouth i Devon. Gruppa vart skipa i 1994 av skulekameratane Matthew Bellamy (vokalist, gitarist, pianist, keyboard), Chris Wolstenholme (bassist og støttevokal) og Dominic Howard (trommeslagar). Gruppa er kjend for sine energiske live-framsyningar.[1][2]
Muse | |||
Muse under ein opptreden i 2010. Frå venstre til høgre: Dominic Howard, Matt Bellamy og Chris Wolstenholme. | |||
Opphav | Teignmouth, Devon i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1994 til i dag | ||
Sjanger | Alternativ rock, progressiv rock | ||
Plateselskap | Warner Bros, Helium3, Taste, Mushroom, Dangerous | ||
Medlemmer | Matthew Bellamy Christopher Wolstenholme Dominic Howard |
Muse har gjeve ut sju studioalbum: Showbiz (1999), Origin of Symmetry (2001), som gjorde at dei slo igjennom i mellom anna Noreg og Storbritannia,[3] Absolution (2003), Black Holes and Revelations (2006), The Resistance (2009), The 2nd Law (2012) og Drones (2015). Dei har også laga fire konsertalbum, Hullabaloo Soundtrack (2002), som er ei samling av B-sider, Absolution Tour (2005), H.A.A.R.P (2008), som dokumenterer opptredena gruppa hadde på Wembley Stadium i 2007, og Live at Rome Olympic Stadium (2013).
Bandet blei nominert til Mercury Prize for Black Holes and Revelations, som ogso blei kåra til det tredje beste albumet frå 2006 av NME.[4] Muse har vunne ei rekkje andre musikkprisar, inkludert fem MTV Europe Music Awards, seks Q Awards, åtte NME Awards, to Brit Awards for «Beste britiske liveband», ein MTV Video Music Award, fire Kerrang! Awards og ein American Music Award. Dei blei ogso nominert til fem Grammy Awards, der dei vann «beste rockealbum» for The Resistance.[5] Gruppa har selt over 17 millionar album på verdsbasis.[6]
Musikalsk stil
endreAllmusic skildra musikken til bandet som ein «blanding av progressiv rock, glam, electronica, og Radiohead-påverka eksperimentering.»[7] Stilen til bandet er òg blitt sett på som «space rock».[8] Bandet blandar elektronisk musikk, kunst rock, eksperimentell rock, klassisk musikk, rock opera og mange andre sjangrar.
Lyrisk
endreDei fleste av dei tidlegaste songane til Muse handlar om introspektive tema slik som forhold, sosial framadgjering, og vanskane dei hadde då dei prøvde å etablera seg i heimbyen sin. Song-konsepta har vorte meir ambisiøse etter som bandet har oppnådd framgang. Albumet Origin of Symmetry (2001) handlar om frykt for utviklinga til teknologi og Absolution (2003) hovudsakleg om apokalypse. Black Holes And Revelations (2006) handlar om katastrofal krig og The Resistance (2009) var eit konseptalbum basert rundt handlinga og temaet til George Orwell si bok 1984. Det sjette studioalbumet deira, The 2nd Law (2012) er knytt til økonomi, termodynamikk og apokalyptiske tema. Det siste albumet deira, Drones (2015) brukar sjølvstyrte drapsdronar som ein metafor for hjernevasking og tap av empati.
Bøker som Muse sine tekstar er inspirert av er m.a.:
- 1984 av George Orwell[9]
- Brainwashing: The Science of Thought Control av Kathleen Taylor
- Confessions of an Economic Hitman av John Perkins[10]
- Rule by Secrecy av Jim Marrs
- The Grand Chessboard: American Primacy and Its Geostrategic Imperatives av Zbigniew Brzezinski
- Hyperspace av Michio Kaku[11]
- Den tolvte planet av Zecharia Sitchin.
Band-medlemmar
endre- Matthew Bellamy - vokal, gitar, keyboard, synthesizer, keytar (1994-no)
- Christopher Wolstenholme - bass, backing vokal, keyboard, munnspill (1994-no)
- Dominic Howard - trommer, perkusjon, synthesizer (1994-no)
Turné-medlemmar
endre- Morgan Nicholls - keyboard, musikksampling, perkusjon, gitar, backing vokal (2004, 2006-dd)
- Dan Newell - trompet (2006-2008)
- Alessandro Cortini - keyboards, synthesizer (2009, innbyttar)
-
Matthew Bellamy
-
Christopher Wolstenholme
-
Dominic Howard
Muse opptrer på Black Holes and Revelations-turneen i 2007.
Diskografi
endreStudioalbum
- Showbiz (1999)
- Origin of Symmetry (2001)
- Absolution (2003)
- Black Holes and Revelations (2006)
- The Resistance (2009)
- The 2nd Law (2012)
- Drones (2015)
- Simulation Theory (2018)
- Will of the People (2022)
Konsertalbum
- Hullabaloo Soundtrack (2002)
- Absolution Tour (2005)
- H.A.A.R.P (2008)
Turnéar
endre- US Campus Invasion Tour 2005 (2005)
- Black Holes and Revelations Tour (2006–08)
- The Resistance Tour (2009–11)
- The 2nd Law World Tour (2012–14)
- Psycho Tour (2015)
- Drones World Tour (2015)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Muse (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2015.
- ↑ «Best live band find their Muse at new Wembley». Evening Standard. 25. februar 2013. Henta 7. oktober 2015.
- ↑ «Muse the best live band in the world». Time Out Sydney. 25. februar 2013. Henta 7. oktober 2015.
- ↑ Jon Vidar Bergan (25. februar 2013). «Muse». Store Norske Leksikon. Henta 28. juli 2013.
- ↑ «NME Albums of the Year 2006». NME. 2006. Henta 7. oktober 2015.
- ↑ «"Muse Bask In First Grammy Win, Make Plans For Kid-Friendly Album".». NME MTV News. 14. februar 2011. Henta 7. oktober 2015.
- ↑ «Muse song Survival unveiled as the official London 2012 Olympic theme tune». telegraph.co.uk. 28. juni 2012. Henta 28. juli 2013.
- ↑ Phares, Heather. «Muse > Biography» (på engelsk). AllMusic. Henta 1. oktober 2015.
- ↑ Sharp, Tyler (5. februar 2015). «Muse to release new album, 'Drones'» (på engelsk). Alternative Press. Henta 27. september 2015.
- ↑ «New Muse album 'inspired' by 1984» (på engelsk). BBC News. 4. august 2009. Henta 27. september 2015.
- ↑ «Interview with Matthew Bellamy» (på engelsk). Youtube.com. 23. mai 2010. Henta 27. september 2015.
- ↑ «The Making of Origin of Symmetry» (på engelsk). Xfm. 8. november 2011.