Anna Olsdotter Halkjelsvik
Anna Olsdotter Halkjelsvik (1754–1834) var ei gardkone i Halkjelsvik i Volda.
Liv og gjerning
endreAnna var frå Ørstavik i Ørsta. Ho var gift med gardbrukar Jakob Nilsson Halkjelsvik (1756-1830), han frå 1792 sjølveigar av bruket som seinare vart kalla Røysgarden (brnr 2). Dei var foreldre til Ragnhild f. 1785.
Anna vart i 1802 tildelt «en Guld Ring, eller i Penge» 5 riksdalar for «i de 3 sidste Aar, ved Hielp af sin Datter og en Pige, i sit eget Huus spundet, vævet og farget 487 Alne Ulden og Linnet Tøier», ulla for det meste frå eigne sauer.
Kjelder
endre- Volda-soga I. Gardar og slekter, s. 357. 1971.
- Bergens Adressecontoirs Efterretninger, 16. oktober 1802
- Folketeljinga 1801: Halkjelsvik