Volda
Volda er ein tettstad og administrasjonssenteret i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden ligg på nordaustsida av Voldsfjorden og har 6 891 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Volda | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Volda | ||
Areal | 3,71 km² | ||
Folketal | 6 891 (2022) | ||
Folketettleik | 1 857 / km² | ||
Postnummer | 6100 VOLDA | ||
Innbyggjarnamn | volding | ||
Preposisjon | i Volda | ||
![]() Volda | |||
Wikimedia Commons: Volda (village) | |||
Volda er eit lokalt skule-, administrasjons- og handelssentrum, med lærarutdanning frå 1861. Her ligg Høgskulen i Volda med avdelingar for lærarutdanning, humanistiske fag, samfunnsfag og mediefag, og Volda vidaregåande skule med varierte studieretningar.
I Volda ligg lokalsjukehuset Volda sjukehus og kontora for Søre Sunnmøre tingrett. Her står også Volda kyrkje, ei krosskyrkje frå 1932. Aust for tettstaden ligg Volda Skisenter. Avisa Møre kjem ut i Volda tre dagar i veka.
Frå Volda ferjekai i sentrum går det ferje over Voldsfjorden til Lauvstad på fylkesveg 652 og Folkestad på fylkesveg 651 (før 2012: E 39). På Hovden i Ørsta kommune, 5 kilometer frå Volda sentrum, ligg Ørsta/Volda lufthamn som er trafikkert av Widerøe.[1]
Bilete frå Volda endre
-
Volda sentrum
-
Utsyn over Volda sentrum
-
Ferje frå Volda til Folkestad
-
Distriktskontoret til Sunnmørsposten i Volda
-
Garvarbuda
Sjå òg endre
Kjelder endre
- ↑ «Volda». Store norske leksikon. 15.08.2016. Henta 07.09.2016.