Anne Berit Eid (fødd 13. juni 1957) er ein norsk tidlegare orienteringsløpar frå Oslo. Ho vart verdsmeister i 1978 og noregsmeister på klassisk-distansen i 1979 og 1980, i 1980 vann ho også langdistansen i noregsmeisterskapen. I 1977 sprang ho ankeretappen for det norske mannskapet som vart nordisk meister i stafett. Eid var medlem i Romerikslaget og seinare Oppsal IF.

Anne Berit Eid
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juni 1957 (66 år)
Idrett orientering

Kjelder endre