1957
år
1957 (romartal MCMLVII) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den gregorianske kalenderen.
1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endreUtlandet
endre- 10. januar: Harold Macmillan blei statsminister for Storbritannia.
- 22. januar: Israel trekte seg ut frå Sinaihalvøya som dei hadde teke frå Egypt om hausten året før.
- 1. mars: U Nu blei statsminister i Burma.
- 6. mars: Dei britiske koloniane Gullkysten og Britisk Togoland blei til den sjølvstendige republikken Ghana.
- 8. mars: Egypt gjenopna Suezkanalen.
- 25. mars: Romatraktaten grunnla det europeiske økonomiske fellesskapet, EEC, seinare EU
- 31. august: Malaysia, som består av Malaccahalvøya utan Singapore, fekk sjølvstende frå Storbritannia.
- 4. september: Guvernøren av Arkansas, Orville Faubus, brukte Nasjonalgarden til å hindra afroamerikanarar frå å byrja ved Central High School i Little Rock.
- 4. oktober: Sovjetunionen skaut opp Sputnik I, den første menneskelaga satellitten rundt jorda.
Noreg
endre- 29. april: Agnar Mykle og direktør Harald Grieg i Gyldendal blei tiltalte for å gjeva ut «utuktige skrifter» etter utgjevinga av romanen Sangen om den røde rubin.
- 25. juni: Stortinget vedtok å innføra fjernsyn i Noreg frå 1960.
- Glamox flytta produksjonen frå Trondheim til Molde.
- 1. oktober: kong Haakon VIIs gravferd
Fødde
endre- Sjå òg Fødde i 1957.
- 18. februar: Marita Koch, tysk friidrettsutøvar
- 10. mars: Osama bin Laden, saudisk islamist-opprørar
- 12. april: Hallvar Thoresen, norsk fotballspelar
- 14. april: Rolf Åge Berg, norsk skihoppar
- 17. april: Nick Hornby, britisk forfattar
- 19. april: Tony Martin, britisk songar
- 20. april: Kristin Clemet, norsk politikar
- 22. april: Donald Tusk, polsk statsminister
- 10. mai: Sid Vicious, britisk musikar (Sex Pistols)
- 22. mai: Anne Grete Preus, norsk musikar og låtskrivar
- 23. mai: Lars Sponheim, norsk politikar
- 27. mai: Dag Terje Andersen, norsk politikar
- 19. juni: Anna Lindh, utanriksminister i Sverige
- 21. juli: Stefan Löfven, svensk statsminister
- 11. september: Preben Elkjær, dansk fotballspelar
- 12. september: Jan Egeland, norsk politikar
- 22. september: John G. Bernander, norsk politikar og medieleiar
- Nick Cave, australsk songar og låtskrivar
- 8. oktober: Antonio Cabrini, italiensk fotballspelar
- 23. oktober: Paul Kagame, rwandisk president
- 2. desember: Dagfinn Høybråten, norsk politikar
- 3. desember: Anne B. Ragde, norsk forfattar
- 24. desember: Hamid Karzai, afghansk president
- 30. desember: Stein Versto, norsk forfattar
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1957.
- 10. januar: Gabriela Mistral, chilensk forfattar
- 14. januar: Humphrey Bogart, USA-amerikansk filmskodespelar
- 16. januar: Arturo Toscanini, italiensk musikkleiar
- 2. februar: Mikhail Gnesin, sovjetrussisk toneskapar
- 8. februar: John von Neumann, ungarsk-amerikansk matematikar
- 11. mars: Richard E. Byrd, USA-amerikansk flygar og polfarar
- 13. mars: Anna Haava, estisk forfattar
- 15. mars: Just Qvigstad, norsk språkgranskar
- 9. juli: Halvard Hatlen, norsk målar
- 13. august: Carl Størmer, norsk matematikar
- 21. august: Harald Ulrik Sverdrup, norsk havforskar
- 7. september: Bjørn Helland-Hansen, norsk havforskar
- 10. september: Hallvard Devold, norsk fangstmann
- 27. september: Nicolai Rygg, norsk økonom og sentralbanksjef
- 20. september: Jean Sibelius, finsk komponist
- 21. september: Haakon VII av Noreg
- 24. november: Diego Rivera, meksikansk målar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>