Anne Bjertnæs

norsk politikar

Anne Bjertnæs (fødd 11. april 1972) er ein norsk lokalpolitikar for Høgre, som i 2023 blei ordførar i Gjøvik kommune. Ho er den fyrste kvinnelege ordføraren i kommunen.

Anne Bjertnæs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1972 (52 år)
Jevnaker
Yrke politikar
Tittel Ordførar i Gjøvik
Periode 19. oktober 2023–
Føregangar Torvild Sveen
Politisk parti Høgre

Karriere

endre

Bjertnæs blei fyrste gong vald inn i Gjøvik kommunestyre og formannskap i 2011. Ved kommunestyrevalet i 2019 blei det borgarleg fleirtall, og 97 år med Arbeidarparti-styre blei brote.[1] Bjertnæs blei varaordførar, mens Torvild Sveen frå Senterpartiet blei ordførar.[2] I 2023 ble Høgre største parti, og Bjertnæs og Sveen bytta roller.[3][4]

Bjertnæs var fylkessekretær for Oppland Høgre frå 2004 til 2016 og arbeidde i omsorgssektoren før ho blei varaordførar og seinare ordførar.[5]

Kjelder

endre
  1. AS, TV 2 (16. september 2019). «Et nesten 100 år langt Ap-styre i Gjøvik er over». TV 2 (på norsk). Henta 9. oktober 2021. 
  2. «Anne Bjertnæs». hoyre.no (på norsk bokmål). Henta 9. august 2020. [daud lenkje]
  3. «Høyre-Annes døtre om ordførerjobben: – Hun har jobbet for det lenge». Oppland Arbeiderblad. 12. september 2023. Henta 19. oktober 2023.  (krev abonnement)
  4. «I dag blir Bjertnæs historisk: En sak bekymrer henne mer enn noe annet». Oppland Arbeiderblad. 19. oktober 2023. Henta 19. oktober 2023.  (krev abonnement)
  5. «Anne Bjertnæs innstilles som Høyres ordførerkandidat». www.oa.no (på norsk). 14. mai 2018. Henta 9. august 2020.