Anne Elisabeth Holtsmark (21. juni 189619. mai 1974) var ein norsk professor i filologi.

Anne Holtsmark
Fødd21. juni 1896
Død19. mai 1974
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist, professor, omsetjar, filolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Ho var den første kvinnelege filologen med stilling på Det historisk-filosofiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho var professor i norrøn filologi ved universitet frå 1949 til ho gjekk av i 1961. I 1936 vart ho dr.philos med avhandlinga En islandsk scholasticus fra det 12. århundre.

Holtsmark skreiv talrike avhandlingar og artiklar, først og fremst innanfor norrøn filologi. Utgjevinga hennar Norrøn mytologi. Tru og mytar i vikingtida, Oslo 1970, har kome i stadig nye opplag, òg i omsetjing til andre språk. Framstillinga byggjer på ei kritisk gransking av edda- og skaldediktinga, studiar av samtidas biletkunst og handverk, arkeologiske funn, runeinnskrifter og stadnamn.

I 1961 vart ho utnemnd til æresdoktor ved Islands universitet.[1]

UtgjevingarEndra

KjelderEndra

  1. Aftenposten -Æresdoktor ved Islands universitet (13.10.1961, s.2)