Anne Kjersti Suvdal

Anne Kjersti Suvdal (fødd 30. juli 1987) er ein norsk handballspelar frå GranHadeland. Kantspelaren vart europameister med Noreg i 2006.

Anne Kjersti Suvdal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juli 1987 (36 år)
Gran kommune
Yrke handballspelar

Suvdal, som spelar venstrekant, fekk sitt gjennombrot med oslolaget Nordstrand IF i tida 2005-07. Deretter var ho i to sesongar Gjerpen-spelar, før ho i 2009 gjekk tilbake til Nordstrand og vart der verande i fire år. Sesongen 2013/14 spelte ho på den danske toppklubben Viborg HK og vart seriemeister og spelte finale i cupvinnarcupen. Frå 2014 til -17 var ho aktiv i oslolaget Oppsal IF, til ho i 2017 fekk kontrakt med Storhamar IL.

Suvdal spelte frå april til 2006 sju landskampar og skåra seks mål. Ho var med i troppa til europameisterskapen i Sverige og deltok i to av kampane i innleiingsrunda, sat sidan på tribunen.

Merittar endre

  • EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland
  • Dansk seriemeister: 2014 med Viborg HK

Kjelder endre