Gjerpen Idrettsforening

(Omdirigert frå Gjerpen IF)

Gjerpen Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i Skien, stifta 30.januar 1918. Laget er aktivt med i fotball, friidrett, handball, ski/langrenn og volleyball. Gjerpen IF har om lag 700 medlemer.

Idrettslaget har fotball-/friidrettsanlegg på Gjerpen stadion frå tidleg 1950-tal og lagshuset Gjerpenhuset frå 2000.

Gjerpen IF er særleg kjend for sitt handballag for kvinner. Laget vart norsk meister i 1985, 1986, 1990, 1992 og 1993, dessutan seriemeister i 1991 og 1993. I desse åra markerte spelarar som Hanne Hegh, Kjerstin Andersen, Anne Migliosi, Siri Eftedal, Ingrunn Strøm og polske Mirella Mierzejewska seg både på nasjonalt og internasjonalt toppnivå.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre