Anne Kristin Sydnes
Anne Kristin Sydnes (13. mai 1956–3. mars 2017)[1] var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, fødd i Oslo.
Anne Kristin Sydnes | |||
| |||
Fødd | 13. mai 1956 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 3. mars 2017 (60 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, statsvitar | ||
Ektefelle | Terje Osmundsen, Jan Egeland | ||
Alle verv |
Sydnes vart cand.polit. med hovudfag i statsvitskap. Ho var 1985-1995 forskar, og 1995-1997 assisterande direktør ved Fridtjof Nansens institutt. Frå 1997 var ho direktør i Statoil med spesialansvar for menneskerettsspørsmål og landanalysar.
I tida 17. mars 2000 til 19. oktober 2001 i Jens Stoltenberg si første regjering var Anne Kristin Sydnes statsråd i Utanriksdepartementet. Fram til 5. mai 2000 var embetet kalla statsråd med ansvar for bistandssaker (bistandsminister), deretter vart dette endra til statsråd med ansvar for utviklingssaker (utviklingsminister).
Ho var utanlandssjef i Kirkens Nødhjelp frå 2007.
Anne Kristin Sydnes var gift med diplomaten og Arbeidarparti-politikaren Jan Egeland, generalsekretæren for Flyktninghjelpen. Tidlegare var ho gift med næringslivsmannen og høgrepolitikaren Terje Osmundsen.
Kjelder
endre- ↑ «Tidligere AP-statsråd Ann Kristin Sydnes er død», VG.no, henta 3. mars 2017
- «Anne_Kristin_Sydnes» i Store norske leksikon, snl.no.