Norske bistands- og utviklingsministrar
Wikimedia-listeartikkel
(Omdirigert frå Norske bistandsministrar)
Norske bistands- og utviklingsministrar: Som følgje av at Kåre Willoch si regjering blei utvida 17. juni 1983, blei det oppretta ein statsrådspost utan ansvar for noko departement, men med ansvar for utviklingshjelp. Ved Kongeleg resolusjon av 16. desember 1983 blei Departementet for utviklingshjelp oppretta med verknad frå 1. januar 1984. Dette departementet blei lagt ned den 31. desember 1989[1] Seinare regjeringar har likevel hatt ein bistands- eller utviklingsminister, med sete i Utanriksdepartementet. Ministerposten blei avvikla den 16. oktober 2013, da Erna Solberg presenterte si regjering.