Anne Kristine Norman

norsk politikar

Anne Kristine (Tine) Norman (fødd 1967) er ein norsk lokalpolitikar frå Senterpartiet. Ho blei vald til ordførar i Sigdal kommune i 2015, og einstemmig gjenvald i 2019.[1] Bård Sverre Gilberg Fossen frå Høgre blei varaordførar i 2019.[2] Ho gav seg i 2023 og blei etterfølgd av Vebjørn Aasand Seljord (Sp).[3]

Anne Kristine Norman
Fødd1967 (57 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
VervOrdførar i Sigdal 2015–
FøregangarKari Kolbræk Ask
Alle verv
  • ordførar i Sigdal (2015–2023) Sjå dette på Wikidata

Anne Kristine Norman er utdanna teknisk teiknar og agronom.[4] Ho arbeidde som konsulent for byggesaker i teknisk etat i Modum kommune før ho blei ordførar.[5] Ho er prosessrettleiar i KS Folkevalgtprogram 2023–2027.[4]

Kjelder

endre
  1. «Tine ble enstemmig gjenvalgt». www.bygdeposten.no (på norsk). 11. oktober 2019. Henta 24. november 2019. 
  2. «Aktuelt - Sigdal kommune». Henta 25. oktober 2019. 
  3. Bråthen, Knut (12. oktober 2023), «(+) Ga fra seg ordførerkjedet med gode ord og en tåre i øyekroken», Bygdeposten (på norsk), henta 24. oktober 2023 
  4. 4,0 4,1 «Tine Norman», KS (på norsk), henta 23. oktober 2023 
  5. «Klar for klubba». Henta 8. februar 2016.