Opna hovudmenyen

Sigdal kommune

kommune i Buskerud

Sigdal er ein kommune i Buskerud fylke. Han grensar mot Flå i nord, Krødsherad i aust, Modum i søraust, Flesberg i sørvest, Rollag i sørvest , og Nore og Uvdal i vest.

Sigdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Buskerud
Adm.senter Prestfoss
Areal 842 km²
 - land 813 km²
 - vatn 29 km²
Folketal 3 488 (1. januar 2018)
Folketettleik 4 / km²
Målform bokmål
Ordførar Anne K. Norman (Sp)
Kommunenr. 0621
NO 0621 Sigdal.svg
Wikimedia Commons: Sigdal
Nettstad: www.sigdal.kommune.no

Kommunen er prega av høgfjell og dalar. Kring 72 % av kommunen er dekt av skog, 20 % er fjell – vesentleg lågalpin sone. 4 % av flatevidda er dyrka og om lag 4 % er vatn og vassdrag. Til saman 842 km².

Innbyggjarane lever hovudsakleg av jord- og skogbruk og turisme.

AndersnattenEndra

 
Theodor Kittelsen: Andersnatten, 1910
 
Folkemusikksenteret i Sigdal
Foto: Mahlum

Dette kjende landemerket er både spennande og sagnomsust. Det karakteristiske fjellet har gjeve liv til både segn og eventyr. Den kjende kunstnaren Theodor Kittelsen budde like ved, og han brukte fjellet som inspirasjon til sine mest kjende trollteikningar. I dag er Andersnatten ein ynda valfartsstad for eventyrlystne fjellklatrarar, og den bratte veggen er skildra som eit fjellklatrareldorado.

LauvliaEndra

Theodor Kittelsen er kjent for sine stemningsfulle måleri og eventyrteikningar av troll, dyr og landskap. Han budde saman med familien i Lauvlia som ligg vakkert til ved Soneren i Sigdal. Det var den vakre utsikta som gav han inspirasjon til måleria og teikningane hans.

Christian Skredsvig og HaganEndra

Her budde og arbeidde den kjende kunstnaren Christian Skredsvig (mellom anna kjend for måleriet «Gutten med seljefløyten») store delar av sitt liv. Staden har fantastisk utsikt over heile dalen, som med sin vakre natur har inspirert mange kunstnarar opp gjennom åra. Huset ber preg av å vera ein kunstnarheim. Her er alle møblar og måleri intakte som då kunstnaren sjølv levde der. Her kan ein oppleva det særpreget og den sjarmen som gav han inspirasjon til måleria og bøkene hans.

Kjende folk frå SigdalEndra

BakgrunnsstoffEndra