Annichen Kringstad

Annichen Cecilie Kringstad (fødd 15. juli 1960) er ein svensk tidlegare orienteringsløpar fødd i Oslo. Ho vart verdsmeister tre gongar i rad åra 1981, 1983, 1985, både i den individuelle tevlinga og som ankerkvinne for Sveriges stafett-mannskap.

Annichen Kringstad
Statsborgarskap Sverige
Fødd 15. juli 1960 (63 år)
Oslo
Idrett orientering

Karriere endre

Omframt dei suksessrike verdsmeisterskapane, sigra Kringstad perioden 1981 til 1986 i femdagars-tevlinga O-Ringen i fem av seks år. I nordiske meisterskap var ho i 1982 med på å sikre svensk stafettgull, to år seinare vart det sølvplass i same øvinga. Nasjonalt vart ho svensk meister i klassisk løype åra 1981, 1984 og 1985, på langdistanse tok ho SM-gull i 1984 og 1985.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap endre

  • VM 1979: Nr 9 individuelt
  • VM 1981: Gull individuelt og i stafett
  • VM 1983: Gull individuelt og i stafett
  • VM 1985: Gull individuelt og i stafett

Kjelder endre