Anouk
nederlandsk songar
Anouk Teeuwe (fødd 8. april 1975 i Haag), kjend som Anouk, er ein nederlandsk songar.
Anouk | |||
| |||
Fødd | 8. april 1975 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Haag i Nederland | ||
Fødenamn | Anouk Teeuwe | ||
Alias | Anouk | ||
Opphav | Kongeriket Nederlanda | ||
Aktiv | 1996– | ||
Sjanger | Pop og rock | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | EMI | ||
Verka som | Songar | ||
Gift med | Edwin Jansen, Remon Stotijn, Dominique Schemmekes | ||
Prisar | Schaal van Rigter, 3FM Awards, Gouden Harp, Edison, Popprijs |
Anouk er den mest populære rockeartisten i Nederland.[1] Etter å ha vorte oppdaga av vokalisten i gruppa Golden Earring slo ho gjennom som songar i 1997 med singelen «Nobody's Wife». Etter det har Anouk hatt fleire singlar på den nederlandske og belgiske hitlista, mellom anna «R U Kiddin' Me», «Michel», «Girl», «Lost», «One Word», «I Don't Wanna Hurt», «Modern World», «Three Days in a Row» og «Woman». Ho har i tillegg gjeve ut åtte studioalbum.
Anouk vart vald ut til å representere Nederland i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anouk (singer)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2012.
Fotnotar
endre- ↑ «Anouk Bio.». Muziek Centrum Nederland. Henta 17. oktober 2012.
- ↑ «Anouk to represent the Netherlands in 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. 17. oktober 2012. Henta 17. oktober 2012.