Golden Earring er eit nederlandsk rockeband, skipa i 1961 i Haag som The Golden Earrings (artikkelen vart droppa i 1967, medan s-en vart fjerna i 1969).[1] Gruppa vart verdskjend med dei internasjonale hittane «Radar Love» i 1973, som gjekk til topps i Nederland og nådde topp 10 i Storbritannia og ein 13. plass i USA,[1][2] «Twilight Zone» i 1982 og «When the Lady Smiles» i 1984.[1] I løpet av karrieren hadde ho nesten 30 topp ti-singlar på den nederlandske singellista og gav ut 25 studioalbum.

Golden Earring

Golden Earring n 1974
OpphavHaag i Nederland
Aktiv1961-2021
SjangerHardrock, progressiv rock, psykedelisk rock, Nederbeat
PlateselskapPolydor, MCA, Track, Universal, Columbia, Capitol, 21, Polygram, Atlantic, Atco, First Quake, Red Bullet
MedlemmerRinus Gerritsen
George Kooymans
Barry Hay
Cesar Zuiderwijk
Tidlegare medlemmerFred van der Hilst
Hans van Herwerden
Peter de Ronde
Frans Krassenburg
Jaap Eggermont
Sieb Warner
Bertus Borgers
Eelco Gelling
Robert Jan Stips
John Legrand
Philip van Boom

Bandbesetninga består av dei opphavlege medlemmane Rinus Gerritsen (bass og klaverinstrument) og George Kooymans (vokal og gitar), i tillegg til Barry Hay (vokal, gitar, fløyte og saksofon), og Cesar Zuiderwijk (trommer og perkusjon). Alle musikarane i den noverande besetninga har vore faste medlemmar i bandet sidan 1970, sjølv om andre musikarar har gått og kome i mellomtida.

Historie endre

Tidlege år (1961–1969) endre

Det som vart Golden Earring vart skipa i 1961 i Haag av den 13 år gamle George Kooymans og den 15 år gamle naboen hans, Rinus Gerritsen.[3] Opphavleg kalla dei seg «The Tornados», men namnet vart endra til The Golden Earrings då dei oppdaga at namnet The Tornados alt var i buk av ei anna gruppe.[3] Namnet «The Golden Earrings» vart henta frå ein instrumental kalla «Golden Earrings» av den britiske gruppa The Hunters, som dei var oppvarming og avslutningsband for. I starten var dei eit poprockband med Frans Krassenburg på solovokal og Jaap Eggermont på trommer, og dei fekk den første hiten sin med debutsingelen «Please Go», spelt inn i 1965. Han vart ein hit på singellista i Nederland.[4] Manageren deira, Fred Haayen, var misnøgd med nederlandske musikkstudio og fekk det til slik at dei spelte inn den neste singelen sin i Pye Records sine studio i London. Singelen, «That Day», nådde andreplassen på den nederlandske singellista.

I 1967 kom Barry Hay inn i bandet og erstatta Krassenburg som frontmann. Året etter fekk bandet den første førsteplassen sin i Nederland med songen «Dong Dong Diki Digi Dong». I USA vart grunnlaget for den amerikanske marknaden lagt då radioprataren og musikkritikaren Neil Kempfer-Stocker vart den første til å spele bande til USA. Denne singelen vart etterfølgd av eit suksessrikt, psykedelisk album kalla Eight Miles High, med ein 18 minuttar lang versjon av tittelsporet, ein versjon av hitsongen til The Byrds frå 1966.[3] Då dei spelte songen på konsertane sine kunne han vare opp mot 45 minuttar, og han vart spelt på den første og andre amerikansk turneen deira i 1969. Dei amerikanske utgåvene av platne deira vart på denne tida gjeven ut på Perception Records i New York, og albumet Gullen Earring vart kalla Wall of Dolls. Singelen «Back Home» selde dårleg i USA, men gjekk heilt til topps i Nederland.

Internasjonalt gjennombrot (1970- og 1980-åra) endre

Frontmannen Barry Hay i 1974.

I 1970 kom trommeslagaren Cesar Zuiderwijk inn i bandet og fullførte den klassiske besetninga til Golden Earring. Bandet fekk eit kort, internasjonalt gjennombrot i 1970-åra då singelversjonen av «Radar Love» (1973), frå albumet Moontan vart ein hit i både Europa og USA.[1] Golden Earring la ut på den førset store, amerikanske turneen sin i 1969-1970. Påverka av amerikansk musikk, utvikla musikken deira seg mot hardrock, og dei spelte i lag med Jimi Hendrix, Led Zeppelin, Procol Harum og Eric Clapton. Mellom 1969 og 1984 fullførte Golden Earring 13 turnear i USA. I denne perioden spelte dei som oppvarmingsband for Santana, King Crimson, The Doobie Brothers, Rush og .38 Special. I 1973–74, då «Radar Love» vart ein hit, hadde dei sjølv Kiss og Aerosmith som sine oppvarmingsband. Medan dei hadde kontrakt hos britiske Track Records, leigde bandet eit kvadrofonisk lydsystem som normalt berre vart nytta av The Who.

Golden Earring var ei kort stund stjerner i USA, men klarte ikkje å vidareføre suksessen før i 1982 med singelen «Twilight Zone». Musikkvideoen av songen, regissert av Dick Maas, vart spelt på det nyoppretta MTV i USA, og var med å gjere songen til ein topp 10-hit.

«When the Lady Smiles» vart ein internasjonal hit i 1984 og nådde tredjeplassen i Canada og vart den femte førsteplassen deira i heimlandet. Songen vart derimot ikkje ein suksess i USA. Musikkvideoen vart bannlyst av MTV på grunn av nakenheit og ein scene som synte seksuelt misbruk av ei nonne. Det vart synt ein redigert versjon av videoen, men denne slo ikkje an. Medan dei turnerte i USA i 1984, spelte bandet på Great Arena Six Flags Great Adventure i New Jersey den 11. mai då det midt under konserten braut ut brann i Haunted Castle på andre sida av temaparken og åtte tenåringar mista livet. Etter denne turneen fokuserte Golden Earring meir på Europa der dei fortsette å ha store publikum. Gruppa tok ein pause kort tid etter utgjevinga av The Hole i 1986 for å fokusere på andre prosjekt. Hay og Kooymans gav begge ut soloalbum (høvesvis Victory of Bad Taste og Solo) året etter. Gruppa kom så saman og spelte inn det siste albumet sitt for 1980-åra, Keeper of the Flame i 1989.

Seinare år (sidan 1990-åra) endre

I 1991 fekk Golden Earring ein ny hit i Nederland med «Going to the Run», ein rockeballade om ein Hells Angels-gjengmedlem som var ein ven av bandet og omkom i ei motorsykkelulukke. Det russiske bandet Aria spelte inn ein suksessrik versjon av «Going to the Run» som «Беспечный ангел» («Bespetsjny angel»). Frå 1992 til 2004 gav bandet ut tre akustiske konsertalbum, som vart ganske populære. Sidan 1992 har dei selt fleire slike akustiske konsertar, som vanlegvis vert utselde. Dei akustiske albuma inneheld versjonar av dei største hittane deira, og har vore somme av dei mestseljande albuma deira, som The Naked Truth, som selde over ein halv million eksemplar i Nederland.

Golden Earring er kjende for konsertane og speler over 200 konsertar i året, hovudsakleg i heimlandet og stundom i Belgia, Tyskland og Storbritannia. Dei har gjeve ut fleire konsertalbum som Live frå Rainbow Theater i London i 1977; 2nd Live i 1981; Something Heavy Going Down i 1984 (òg gjeve ut på DVD som Live from the Twilight Zone) og Last Blast of the Century, eit konsertopptak av den siste konserten deira i 1990-åra. Dei akustiske konsertplatene er The Naked Truth (1992), Naked II (1997) og Naked III (2005). Det seinare konsertalbumet deira er Live from Ahoy 2006, ein DVD med bonus-CD.

Sologitaristen George Kooymans i 1974

I 2003 drog bandet attende til USA for å spele inn studioalbumet Millbrook USA. Innspelinga fann stad i Millbrook i New York, i studioet til musikaren Frank Carillo. I mars 2009 spelte Golden Earring to konsertar i Storbritannia for første gongen på 30 år. I 2011 feira bandet 50-årsjubileum og same året presenterte det nederlandske postvesenet, PostNL, det første frimerket med musikk. Når ein held ein smarttelefon med ein spesiell app føre frimerket, så spelar appen Golden Earring sin «Radar Love». I tillegg vart plateomlaget til plata Moontan nytta som motiv på eit frimerke.

11. mai 2012 gav bandet ut det foreløpig siste studioalbumet sitt, Tits 'n Ass. Albumet vart spelt inn i London sommaren 2011 med produsenten Chris Kimsey og gjekk til topps på den nederlandske albumlista. For å skape ein meir intes lyd på scenen og på albumet, tok bandet med seg songaren og klaverspelaren Johnny Rooymans. Singelen frå albumet heitte «Still Got the Keys to My First Cadillac».

Eit nytt 50-årsjubileum vart feira i 2019, i høve at det var i 1969 dei fekk det nnoverande namnet sitt. Dei spelte då inn ein ny song i oktober 2019 kalla «Say When».[5]

Medverkande endre

Medlemmar endre

Noverande medlemmar

Tidlegare medlemmar
  • Fred van der Hilst – trommer, perkusjon (1962–1965)
  • Hans van Herwerden – gitar (1962–1963)
  • Peter de Ronde – gitar (1963–1966)
  • Frans Krassenburg – vokal (1964–1967)
  • Jaap Eggermont – trommer, perkusjon (1965–1969)
  • Sieb Warner – trommer, perkusjon (1969–1970)
  • Bertus Borgers – saksofon (1973–1976)
  • Eelco Gelling – gitar (1973–1975, 1976–1978)
  • Robert Jan Stips – klaverinstrument, synthesizer (1974–1976, 1977–1978, 1980, 1982, 1986)
  • John Lagrand – munnspel (1979)

Besetninga endre

1961–1962 1962–1963 1963–1964 1964–1965
  • Rinus Gerritsen – bass, klaverinstrument, gitar, munnspel
  • George Kooymans – gitar, vokal
  • Hans van Herwerden – gitar
  • Fred van der Hilst – trommer, perkusjon
  • Rinus Gerritsen – bass, klaverinstrument, gitar, munnspel
  • George Kooymans – gitar, vokal
  • Fred van der Hilst – trommer, perkusjon
  • Peter de Ronde – gitar
  • Rinus Gerritsen – bass, klaverinstrument, gitar, munnspel
  • George Kooymans – gitar, vokal
  • Fred van der Hilst – trommer, perkusjon
  • Peter de Ronde – gitar
  • Frans Krassenburg – vokal
1965–1966 1966–1967 1967–1969 1969–1970
  • Rinus Gerritsen – bass, klaverinstrument, gitar, munnspel
  • George Kooymans – gitar, vokal
  • Peter de Ronde – gitar
  • Frans Krassenburg – vokal
  • Jaap Eggermont – trommer, perkusjon

  • Barry Hay – vokal, gitar, fløyte, saksofon
  • Rinus Gerritsen – bass, klaverinstrument, gitar, munnspel
  • George Kooymans – gitar, vokal
  • Barry Hay – vokal, gitar, fløyte, saksofon
  • Sieb Warner – trommer, perkusjon
1970–1973 1973–1974 1974–1975 1975–1976
  • Rinus Gerritsen – bass, klaverinstrument, gitar, munnspel
  • George Kooymans – gitar, vokal
  • Barry Hay – vokal, gitar, fløyte, saksofon
  • Cesar Zuiderwijk – trommer, perkusjon
  • Rinus Gerritsen – bass, klaverinstrument, gitar, munnspel
  • George Kooymans – gitar, vokal
  • Barry Hay – vokal, gitar, fløyte, saksofon
  • Cesar Zuiderwijk – trommer, perkusjon
  • Bertus Borgers – saksofon
  • Eelco Gelling – gitar

  • Robert Jan Stips – klaverinstrument, synthesizer

1976 1976–1977 1977–1978 1978–1979

1979 1979–1980 1980 1980–1982
  • Rinus Gerritsen – bass, klaverinstrument, gitar, munnspel
  • George Kooymans – gitar, vokal
  • Barry Hay – vokal, gitar, fløyte, saksofon
  • Cesar Zuiderwijk – trommer, perkusjon
  • John Lagrand – munnspel

1982 1982–1986 1986 1986–present

Ttidslinje endre

Diskografi endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Steve Huey (2015). «Golden Earring Biography». Allmusic. Henta 28. juli 2015. 
  2. US-Singles: Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–2006. Billboard Books, New York 2007, ISBN 0-89820-172-1 / US-Alben: The Billboard Albums von Joel Whitburn, 6th Edition, Record Research 2006, ISBN 0-89820-166-7
  3. 3,0 3,1 3,2 «The Continuing Story of Golden Earring.» 2013–2014 golden Earring Research, Zoetermeer. http://members.ziggo.nl/casper.roos/story60.html Arkivert 2020-03-13 ved Wayback Machine.
  4. Huey, Steve. Golden Earring: Artist biography. Allmusic http://www.allmusic.com/artist/golden-earring-mn0000669303/biography – the previous Wiki statement, here, said that it reached #9, but the statement was unsourced; various accounts from different website biographies have it reaching from #9–13 on the Dutch charts, which indicate that it was a sizable hit; Allmusic says that it was a Dutch hit
  5. https://www.ad.nl/show/golden-earring-nog-eens-50-jaar-ja-lekker~ad315f3e/

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Golden Earring