Antakya-stelen

Antakya-stelen er ein stele, eller oppreist stein med bilde og innskrift, frå assyrisk tid. Steinen blei reist under den assyriske kongen Adad-Nirari III, som regjerte frå 810 til 781 f.Kr. Han hadde funksjon som grensestein mellom to av vassalane hans, Ataršumki av Arpad og Zakkur av Hamath.

Stelen i museet i Antakya

Steinen vart funnen rundt 1,5 km utanfor Antakya i Tyrkia, det gamle Antiokia. Han blei funnnen av ein bonde som grov ut ein brunn nær elva Orontes.[1] Han står no i Antakya arkeologiske museum. Venstresida av stelen er skada, men ein kan lesa innskrifta, som er skriven med kileskrift.[2]

På den øvre halvdelen av stelen er kongen sjølv og generalen hans Šamši-ilu framstilt ved sida av ei søyle. Nedre halvdel har ein inskripsjon på fire avsnitt. Det første nemner kongen sine titlar, ein vanleg måte å byrja ei innskrift på. Deretter følgjer ein avtale som seier at landsbyen Nahlasi skal vera del av Arpad. I neste avsnitt løyser kongen og generalen landsbyen frå alle andre band og gjev han over til Ataršumki og arvingane hans. Deretter følgjer eit formulaisk avsnitt som forbannar einkvan som bryt avtalen. Det nemner dei assyriske gudane Aššur, Adad, Ber, Enlil, Ninlil, Sin som vernarar for avtalen.

KjelderEndra

  1. Younger, K. Lawson, Jr., W. Hallo, red., «Antakya Stela (2.114A)», Context of Scripture Online 
  2. Stefan Weninger (red.), The Semitic Languages: An International Handbook 

BakgrunnsstoffEndra

  • The Antakya stela
  • Veysel Donbaz: Two Neo-Assyrian Stelae in the Antakya and Kahramanmaras Museums. In#: Annual Revue of the Royal Inscriptions of Mesopotamia Project. 8, 1990, s. 5–24.