Antiokia (gresk Ἀντιόχεια) var ein by i antikken i nordlege Syria ved elva Orontes omkring 30 km frå Middelhavet. Han vart grunnlagd år 301 fvt. av Selevkos I Nikator, ein av generalane til Aleksander den store, på eit vent og fruktbart område, omgjeve av høge fjell i nord og i sør av ei slette. Han vart hovudstaden i Selevkidriket, og for å skilje byen frå andre ved same namn vart han kalla for Antiokia Epidaphnes eller Antiokia ved Orontes. I dag har byen mista si tidlegare tyding og heiter Antakya, og ligg i den tyrkiske provinsen Hatay.

Plasseringa av Antiokia, heilt sør i Tyrkia mot Syria.
Bohemond I klatrar åleine opp Antiokias murar. Gravering av Gustave Doré.

Oldtidsbusetnaden Meroe går føre den historiske storbyen Antiokia. Ein heilagdom for Anat som av dei antikke grekarane vart kalla «den persiske Artemis» var lokalisert her. Staden omfatta òg dei austlege forstadene av Antiokia. Det var ein landsby på ein utstikkar av fjellet Silpius kalla Io, eller Iopolis. Dette namnet vart alltid framført av innbyggjarane i Antiokia som bevis på det greske opphava deira (jfr. Libanios), og som var ivrige etter å bli rekna som ein del av attiske Jonia, eit strev som er illustrert av athenske typar brukt på myntane til byen. Io kan ha vore ein liten tidleg koloni av greske handelsfolk. Johannes Malalas (ca 491 – 578), ein austromersk kronikør som var fødd i Antiokia, nemnar òg ein arkaisk landsby ved namn Bottia på sletta ved elva.

Antiokia var ein viktig stad for den hellenistiske kulturen og var under Romarriket hovudstad i provinsen Syria. Gullalderen hadde han under dei romerske keisarane. At byen var stor kunne ein sjå under eit jordskjelv i år 115 evt. då heile 200 000 innbyggjarar mista livet. Her vart det danna den første forsamlinga som ikkje berre bestod av jødar, men òg kristne, og hit kom Paulus og Barnabas på misjonsreiser. Antiokia var òg staden der nemninga kristne oppstod for første gongen. På 200- og 300-talet vart det halde fleire viktige kyrkjemøte og Antiochia var eit sete for ein av patriarkane.

Antiokia var den mest fornemme asiatiske handelsstaden ved Middelhavet og vart pryda av keisarane med praktfulle byggeverk. Gjennom hyppige jordskjelv og dessutan krig gjekk byen etterkvart i forfall. Den persiske kong Khosrau I inntok og øydela byen i 538. Han vart gjeninntatt av kalif Umar ibn al-Khattab i 637, frigjord av bysantinerne i 969 og hamna seinare under Selevkidriket i 1084 og under krossfararane i 1098. Han vart ein hovudstad for den normanniske fyrsten Bohemond I som grunnla fyrstedømet Antiokia, vart deretter erobra og øydelagt av muslimane i 1268. Til slutt hamna Antiokia i hendene på tyrkarane i 1516 og tilhøyrde under osmansk tid det tyrkiske vilajetet Aleppo. Då Det osmanske riket fall saman etter den første verdskrigen kom byen under fransk jurisdiksjon frå 1919 og fram til 1939 då provinsen Hatay vart gjeve til Tyrkia. I provinsen ligg fjellet Musa Dagh som er kjent frå Franz Werfel-romanen Die vierzig Tage des Musa Dagh (Dei førtito dagane på Musa Dagh, 1933) som handla om overlevande frå det tyrkiske folkemordet på armenarane.

Kjelder endre