Anthony McLeod Kennedy (fødd 23. juli 1936 i Sacramento i California i USA) er ein amerikansk jurist. Han er tidlegare domar ved Høgsteretten i USA. Han vart nominert av president Ronald Reagan[1] og tiltredde den 18. februar 1988.[2] Han gjekk av i 2018.

Anthony Kennedy

Statsborgarskap USA
Fødd 23. juli 1936 (87 år)
Sacramento
Yrke jurist, dommar, advokat, universitetslærar, politikar
Politisk parti Det republikanske partiet i USA
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Anthony Kennedy på Commons

Liv og virke endre

Kennedy studerte ved Stanford University frå 1954 til 1958, og vart uteksaminert med ein bachelorgrad i statsvitskap,[3] etter å ha hatt sitt siste studieår ved London School of Economics. Deretter studerte han juss ved Harvard Law School, der han vart Bachelor of Laws cum laude i 1961.[4]

Kennedy arbeidde så i ein privat praksis i San Francisco mellom 1961 og 1963. I 1963, etter at faren døydde, tok han over faren sin advokat-praksis i heimbyen Sacramento, der han var fram til 1975.[5] Mellom 1965 og 1988 var Kennedy tilsett som professor ved McGeorge School of Law ved University of the Pacific.[3]

Etter at Sandra Day O'Connor trekte seg frå Høgsteretten, var Kennedy den såkalla vippestemma, altså dommaren som av og til røysta med dei liberale dommarane, og i Kennedys tilfelle, mest stemma med dei konservative dommarane. Særleg i avgjerder om likekjønna ekteskap var stemma til Kennedy viktig.[6]

Kjelder endre

  1. «Reagan, on 3rd Try, Picks Californian for High Court: 'Bit Wiser' After Two Defeats». Los Angeles Times. Associated Press. November 11, 1987. Arkivert frå originalen March 31, 2017. Henta 27. juni 2018. 
  2. «Kennedy sworn, court at full strength». The Galveston Daily News (Galveston, Texas). AP. February 19, 1988. Arkivert frå originalen 26. februar 2019 – via Newspapers.com.   
  3. 3,0 3,1 «LII: US Supreme Court: Justice Kennedy». Arkivert frå originalen 21. februar 2009. Henta 10. januar 2009. 
  4. «Biographies of Current Justices of the Supreme Court». Supreme Court of the United States. Arkivert frå originalen 22. juli 2018. Henta 25. januar 2012. 
  5. Christopher L. Tomlins (2005). The United States Supreme Court. Houghton Mifflin. ISBN 0618329692. Henta 21. oktober 2008. 
  6. David S. Cohen (30. juni 2015): It's Justice Kennedy's World, and We're All Just Living in It. Rolling Stone Magazine