Jurist

akademikar som har studert, lærar eller lagar lover

Ein jurist er ein person med juridisk universitetseksamen av høgare grad, som fram til dei siste åra har vore kalla juridisk embetseksamen (graden cand. jur.). Men etter den generelle reformeringa av universtitetsutdanninga og gradssystemet (Kvalitetsreforma) i 2003 er tittelen cand. jur. vorte skifta ut med Master i rettsvitskap.

Å rette smed for bakar.

For fleire offentlege stillingar er det fastsett i lov eller føresegner at innehavaren av stillinga skal vere jurist, og i tillegg kan det òg gjelde krav om særlege kvalifikasjonar og godkjend juridisk praksis. Mange juristar arbeider som privatpraktiserande eller offentleg tilsette advokatar, i påtalemakta, som dommarar i rettvesenet, i offentleg forvalting, i diplomatiet, i organisasjonar eller i det private næringslivet.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.