Antimilitarisme

(Omdirigert frå Anti-militarisme)

Antimilitarisme er ein del av den sosialistiske kampen mot kapitalisme, militarisme og dei imperialistiske krigane, tre ting som antimilitaristar meiner heng ihop. Antimilitarismen er ikkje pasifistisk, men meiner snarare at soldatane må vende seg mot si eiga regjering for å stoppe ein imperialistisk krig. Antimilitaristar kritiserer det sentraliserte statlege valdsmonopolet og går i staden inn for folkevæpning i ulike former.

Historie endre

Den sosialdemokratiske rørsla var tradisjonelt antimilitaristisk, og den Andre Internasjonalen hadde som hovudmål å sameine den internasjonale arbeidarklassen og førebyggje krig, men da Første verdskrigen braut ut i 1914 vart Internasjonalen kløyvd, og dei fleste sosialdemokratiske partia slutta opp om sine respektive borgarlege regjeringar.

Men den antimilitaristiske politikken vart halden ved liv av dei partia som gjekk imot krigspolitikken, somme av dei nystarta venstresosialistiske parti. Somme av dei antimilitaristiske partia slutta seg sidan til Tredje Internasjonalen og vart kommunistiske parti.

Kjende sosialistiske antimilitaristar i samband med Første verdskrigen var mellom andre Jean Jaurès, Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg, Julius Martov, Lev Trotskij og Vladimir Lenin.

Litteratur endre

Kjelde: Svensk wikipedia, art. Antimiltarism.