Antoinette Josef Clara Meyer (19. juni 192019. juli 2010) var ein sveitsisk skirennar som vann sølvmedaljen i slalåm under vinter-OL 1948. Ho var fødd i Hospental i kantonen Uri, og døydde på ein pleieheim i Thun.

Antoinette Meyer
Statsborgarskap Sveits
Fødd 19. juni 1920
Hospental
Død

19. juli 2010 (90 år)
Thun

Yrke alpinist
Ektefelle Karl Molitor

Meyer vart tre år på rad, 1943-45, sveitsisk meister i slalåm. I 1948 vann ho den olympiske sølvmedaljen i slalåmtevlinga under leikane i St. Moritz. Med tida 1.57,7 var ho 0,5 sekund bak olympiameisteren Gretchen Frazer frå USA. Ho deltok også i den andre alpintevlinga, utfor, der vart ho nummer 11.

Ho la opp i 1948 og gifta seg same året med Karl Molitor. Ekteparet var busett i Wengen, der dei dreiv ymse handelsverksemder.

Kjelder endre

  • (en) Antoinette Meyer – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.