Anton Bolinder (3. juni 19157. desember 2006) var ein svensk friidrettsutøvar frå Los i Hälsingland, som vart europameister i høgdehopp i 1946.

Anton Bolinder

Statsborgarskap Sverige
Fødd 3. juni 1915
Los i Hälsingland
Død

7. desember 2006 (91 år)

Yrke friidrettsutøvar
Anton Bolinder på Commons

Aktiv endre

 
Anton Bolinder

Bolinder tok allereie i 1934 sølvmedaljen i høgdehopp i den svenske meisterskapen, ein prestasjon han kopierte ti år seinare. I 1946 gjekk han over 1,98 meter og vart for fyrste gong svensk meister i øvinga. Den 23. august same året sette han personleg rekord med 1,99 meter då han på Bislett stadion i Oslo vann gullmedaljen i høgdehopp under EM i friidrett 1946. Briten Alan Paterson tok sølvet med 1,96 m.

Blinder vart svensk meister i høgdehopp i OL-sesongen 1948, men deltok ikkje i Sommar-OL i London. Han tevla for i IFK Östersund, og døydde 91 år gammal i Östersund.

Kjelder endre