Alan Paterson

Alan Sinclair Paterson (11. juni 19288. mai 1999) var ein britisk friidrettsutøvar frå Glasgow som vart europameister i høgdehopp 1950.

Alan Paterson
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 11. juni 1928
Glasgow
Død

8. mai 1999
Canada

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Paterson vart andremann i høgdetevlinga då Friidretts-EM 1946 vart avvikla i Oslo. Den 3. august 1947 sette han landsrekord med 2,02 meter ved eit stemne i heimbyen Glasgow, på same høgda som vinnaren Bill Vessie frå USA. Under dei olympiske sommarleikane 1948 i London enda Paterson på sjuandeplass. To år seinare var han den einaste som hoppa over 1,96 m ved EM i Brussel og vann dermed gull framom den allsidige svenske utøvaren Arne Åhman.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra