Anton Johan Johanson (24. mai 18583. januar 1929) var ein svensk-norsk småbrukar og kyrkjetenar som i samtida vekte oppsikt som såkalla klarsynt.

Anton Johanson

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. mai 1858
Død

3. januar 1929 (70 år)

Johanson var fødd i Tärnaby i Västerbotten. Saman med familien utvandra han til Lebesby i Finnmark då han var 18 år gammal. Sjølv dreiv han småbruket Gislåtten i Lebesby. Attåt var han i fleire tiår kyrkjetenar i Lebesby kirke. 26 somrar var han assistent under Norges Geografiske Oppmåling si kartlegging av Finnmarksvidda. I heimbygda Lebesby hadde han fleire kommunale og lokalpolitiske tillitsverv. Elles i Skandinavia vart Johanson vide kjent for sine dystre utsegner om komande hendingar i verda.

Han døydde i Oslo.

Kjelder

endre