Ei aortaklemme er eit kirurgisk instrument som blir brukt i hjartekirurgi for å klemme av livpulsåra og dimed skilje systemkretsløpet frå blodstraumen som går ut av hjartet.

Klemma blir ofte brukt for å reparere koarktasjon av livpulsåra. Hjå nyfødde er det vanleg å byrje med reseksjon av blodåra før ein lukkar ho med primær anastomose. Klemming av livpulsåra fører i røynda til iskemi, fordi ein stengjer ute systemkretsløpet. Bruken av shunt kan minske risikoen for paraplegi og andre komplikasjonar, særleg viss inngrepet held fram i meir enn 25 minutt, eller viss det distale (fjerne) trykket i livpulsåra nærmar seg 50–60 mmHg.[1]

Kjelder endre

  1. Schwartz's principles of surgery: self assessment and board review. Åttande utgåve, kapittel 19 sprsm. 5 og kapittel 21 sprsm. 17.
  Denne kirurgiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.