Aplittgangar i kinzigitt
Aplitt

Aplitt er ein helt lys og særs finkorna granittisk gangbergart, samansett av kalifeltspat og kvarts.

BrukEndra

Aplitt vert bruka til ulike industrielle formål. Spesielt utmerkar aplitt seg som styrkeelement i betongindustrien. Aplitt er eit naturleg pozzolan, eit tilslagsmateriale som utviklar styrke ved blanding med sement eller leska kalk og vatn. Aplitt kan erstatte meir enn 80 prosent av sementinnhaldet i betong. Sidan aplitt ikkje vert brent, vert det ikkje frigjort karbondioksid ved framstillinga, slik som ved sementproduksjon. Bruk av aplitt i betongen kan slik bidra til å redusere klimagassutsleppa[1].

FørekomstEndra

I Finnvolldalen i Namsskogan er det store førekomstar av aplitt; men omfanget er ikkje fullstendig kartlagt. Lokalt er det tru på at bryting av aplitt vil verte ei viktig næringsveg framover.

Tilsvarande førekomstar skal berre finnast eit par andre stader i verda, deriblant i Toscanai Italia[2].

ReferansarEndra

  1. http://www.tu.no/bygg/article119349.ece Teknisk ukeblad: Superbetong mot CO2
  2. Adressa 17.12.2007