Apollo 12 var den sjette bemanna Apollo-ferda og den andre til å lande på månen.

Apollo 12

Mannskapet endre

Støttemannskap endre

Høgdepunkt frå ferda endre

  • Saturn V-raketten vart treft av lyn under oppskytinga. Dette medførte at telemetrien frå romfartøyet gjekk off-line i ein lengre periode under oppskytinga. Heile ferda vart redda takka vere hukommelsen til Al Bean ombord på Apollo 12 og John Aaron i kontrollsenteret, som saman klarte å resette utstyret i kommandomodulen[1]
  • S-IVB-steget på Apollo 12 skulle, etter at det vart dumpa, gå i ein bane rundt sola. Likevel gjekk ikkje dette etter planen og det enda opp i ein ustabil bane som tok han fordi både jorda og månen, ut i ei sol-bane, før han returnerte tilbake til jorda i 2002.
  • Gjennomførte andre månelanding.
    • Landinga-til presisjon like i nærleiken av Surveyor 3, slik at astronautane kunne vitje månesonden. Det var faktisk mindre enn 200 m unna Intrepid. Sonden var synleg frå månelandingsfarkosten. Landinga var berre litt unna den tenkte landingsstaden, som Conrad hadde døypt for Pete's Parking Lot.
  • Gordon ombord i Yankee Clipper i bane rundt månen arbeidde bl.a med å ta multispektrum-bilete av måneoverflata.
  • Mannskapet vart ein ekstra dag i månebane for å ta bilete.

Månevandringar endre

To månevandringar (EVA) vart gjennomført, medan LM Eagle stod på overflata til månen.

EVA Nr 1

  • Lengd: 3 t 56 min 03 s
  • Dato: 19. november
  • Utført av: Conrad og Bean
  • Planlagt oppdrag:
    • 3. og 4. menneske på overflata av månen.
    • Ta bilete og freiste farge-TV-overføring til Jorda. Dette mislukkast pga feilhandsaming av farge-kameraet.
    • Innsamling av steinprøvar.
    • Setje opp måleutstyr som mælte seismisk aktivitet på månen, fluksen til solvinden og magnetisk felt, og dessutan sørgde for overføring av data til jorda.

EVA Nr 2

  • Lengd: 3 t 49 min 15 s
  • Dato: 20. november
  • Utført av: Conrad og Bean
  • Planlagt oppdrag:
    • Innsamling av steinprøvar.
    • Henta kameraet frå Surveyor 3

Sitat endre

Whoopie! Man, that may have been a small one for Neil, but that's a long one for me. — Pete Conrad (noko kortare og uformelt enn Armstrong) når Conrad går ned på overflata.

Trivia endre

  • Alan Bean smugla med ein sjølvutløysar for kameraet dei skulle bruke. Meininga var å ta bilete av seg sjølv, Pete Conrad og Surveyor 3-sonden i biletet samstundes. Sidan sjølvutløysaren ikkje var ein del av standard-utstyret, ville eit slikt bilete skapt litt kaos hos foto-analyse-folka hos NASA om korleis eit slikt bilete hadde vorte teke. Diverre vart utløysaren forlagt under månevandringa og planen vart aldri gjennomført.
  • Backup-mannskapet for Apollo 12 klarte å setje inn små bilete frå Playboy på på sjekklista til dei to astronautane for månen (som var festa til handledda på romdraktene til Conrad og Bean). Dette medførte at ‘porno’ for første gongen vart vist på Månen. Astronautane oppdaga dette først då dei bladde gjennom sjekklista under den første månevandringa.

Bilete endre

Kjelder endre