Opna hovudmenyen
Neil Alden Armstrong
Neil Armstrong pose.jpg
Nasjonalitet:USA Amerikansk
Status:Pensjonert atronaut
 Født 5. august 1930
Wapakoneta, Ohio, USA
 Død 25. august 2012
 Anna_arbeid Testpilot
 Tid i verdsrommet 8 dagar, 14 timar, 12 minuttar
 Utveljing
 Romferd(er) Gemini 8, Apollo 11
Ferdsemblem Ge08Patch orig.png Apollo 11 insignia.png

Neil Alden Armstrong (5. august 193025. august 2012)[1] var ein amerikansk testpilot og astronaut. Han er mest kjend for å ha vore det fyrste mennesket på månen. Det skjedde den 20. juli 1969. Neil Armstrong sa då dei vidgjetne orda «That's one small step for a man, one giant leap for mankind.» På norsk språk: «Det er eit lite steg for eit menneske, eit stort sprang for menneskja.»

Han var jagarpilot under Koreakrigen for den amerikanske marinen. I 1962 blei han valt ut som astronaut av NASA. Han leia Gemini 8, som utførde det første vellukka møtet mellom to romskip i bane, i 1966. Seinare var han ekstramannskap for Gemini 11 og måneekspedisjonen Apollo 8. I 1969 vart han så leiar for månelandingsekspedisjonen med Apollo 11.

Neil Armstrong har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

ReferansarEndra

  1. «Neil Armstrong er død». nrk.no. 25. august 2012. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Neil Armstrong
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.