Apollon Majkov
Apollon Nikolajevitsj Majkov (4. juni 1821–20. mars 1897) var ein russisk lyrikar og omsetjar frå Moskva.
Apollon Majkov | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 23. mai 1821 Moskva |
Død |
8. mars 1897 (75 år) |
Yrke | lyrikar, omsetjar, litteraturkritikar, skribent, kommentator |
Språk | russisk |
Far | Nikolay Maykov |
Mor | Yevgeniya Maykova |
Ektefelle | Anna Maykova |
Apollon Majkov på Commons |
Majkov gav i 1842 ut si fyrste diktsamling. Han fekk snøgt ry for sine lyrisk-romantiske verk. Særleg påakta vart han for sine arbeid basert på antikke emne, greske så vel som romerske. Også høgt verdsett naturlyrikar.
Majkov gjendikta det historiske eposet Igorkvadet til moderne russisk, eit arbeid som kom ut i 1870. Han omsette tysk og polsk romantisk lyrikk til russisk, og han gav ut verk med folkeminne frå fleire europeiske land.
Han døydde i St. Petersburg.
I boka Profet og nattergal (1977) har Erik Egeberg omsett diktet 'Søvnen' frå 1839.