Vasilij Grigorevitsj Perov (2. januar 183410. juni 1882) var ein russisk kunstmålar. Han var ein av grunnleggjarane av Peredvizjnikij, ei gruppe russiske kunstnarar som måla etter det realistiske stilidealet.

Vasilij Perov
Перов Автопортрет.jpg
Sjølvportrett, 1851
Fødd 21. desember 1833
Tobolsk
Død

29. mai 1882
Kuzminki District

Yrke kunstmålar

LivEndra

LæreårEndra

Perov kom til verda i Tobolsk, fødd utanfor ekteskap. Faren, sakføraren Grigorij Kridener, kom frå lågadelen. Etter å ha fullført eit kurs ved distriktsskulen i Arzamas, vart Perov overflytt til Aleksandr Stupins kunstskule i same byen. I 1853 vart han innteken ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Han gjekk i lære hos fleire anerkjende kunstmålarar.

 
'Påskeprosesjon i ein landsby', 1861

Frå 1856 og utover vart han ved fleire høve tildelt medaljar og fekk ofte ros for sine arbeid. Fremst mellom desse måleria er Seremoni i ein landsby (1861).

Utanlandsopphald. HovudverkEndra

Med eit utanlandsstipend kosta av den russiske staten, reiste Perov i 1862 til Vest-Europa. Han vitja fleire tyske byar, og deretter Paris. Under dette utanlandsopphaldet måla han mange verk som viser scener frå europeisk gateliv, så som Statuett-kjøparane, Musikanten og dei forbipasserande, og Parisisk filleplukkar (1864).

 
Den siste reise, 1865

Vel heime i Moskva i 1865, skapte Perov dei neste 6-7 åra sine hovudverk. Mellom desse er Den siste reise (1865), Troika. Småborn i teneste hentar vatn (1866), Den drukna (1867), Ei guvernante kjem til ein kjøpmanns hus, Ei samling ved jarnbanen (1868), Tavernaen ytst i byen (1868), Fuglefangaren (1870), Jegrar kviler (1871). Perov måla i 1872 det mest kjende portrettet av forfattaren Fjodor Dostojevskij.

Lærar. DødEndra

Frå 1871 hadde han stilling som professor ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Andrej Rjabusjkin er den av Perovs elevar som vart mest kjend. Det var i denne perioden Perov vart med i Peredvizjnikij-rørsla.

Perov døydde i landsbyen Kuzminkij (i dag ein del av Moskva) av tuberkulose. Liket vart bisett ved Danilovklosteret, men i 1950-åra flytta til gravstaden Donskoje.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Vasilij Perov