Apparatturn er ei form for turn der ein nyttar ulike apparat, som bom, skranke, ringar, bøyelhest og matte.

Gutekgymnast på ein bøyelhest.
Jente på bom.

Idretten krev mykje styrke, bevegelegheit, uthaldenheit og dristigheit. Når ein trenar apparat turn får ein unik kroppskontroll, smidigheit og styrke i kroppen. Dette gjer at det er lett å få eit grunnlag innanfor andre idrettar. Apparatturn omfattar ulike øvingar, for kvinner finst det fire ulike øvingar, skranke, hopp, bom og frittståande. Det finst ulike nivå i alle apparata, nivået går frå 1 som er det lettaste til trinn 5 som er det beste. Viss ein kjem over trinn 5, kan ein gå over til Fig, det er her alle dei beste turnere i Noreg konkurrerer, men for å stille i Fig må ein vere 13 år og oppover.

Klasser endre

Det finst ulike klasser innanfor apparatturn, aspirantar, rekrutt og klasse 1.2.3. Dei som er aspirantar er dei som er under 10 år, som vil seie at dei ikkje er gamle nok til å konkurrere. Når ein kjem opp i rekruttklassen, er ein fylr ti år, og er klår til å konkurrere. Etter to år i rekruttklassen går ein vidare til klasse 1. der er ein i to år før ein går vidare til klasse 2 og 3.

Disiplinar endre

Skranke endre

Skranke består av to holmar, han eine er cirka 1,65 m over bakken medan den andre er litt høgare rundt 2,4 cm over bakken. Skranke krev mykje styrke, spesielt i armane.

Hopp endre

Hopp vil seie at gymnastane skal hoppe over ein bukk/hest. Det går an å regulere høgda på hesten frå 110 cm til 135 cm, og når du kjem opp i klasse 1. er ein nøydde til å hoppe på 125cm. Tilløpet til hesten er maks 25m. I hopp krev det at ein har ein god kroppskontroll og bra uthaldenheit.

Bom endre

Bom er kanskje det vondaste apparatet for mange turnarar. Bommen er 5 meter lang, 125 cm høg og berre 10 cm brei. På bommen utfører gymnastane mange ulike øvingar, alt frå rulle til baklengssaltoar og flikkflakkar. Får å få bra resultat på bommen krev det mykje arbeida og øving. For å gjere det bra på bommen treng ein svært god balanse, samstundes må ein vere elegant, fleksibel og vise at ein har god kontroll.

Frittståande endre

Frittståande er ei stor matte som gymnastane utfører øvingane sine på. Her får gymnastane eit program som dei skal gjennomføre. Vist jentene har nådd opp til høgare krav på øvingane sine får dei bruke musikk på programmet sitt. Då lagar dei ein dans samstundes som dei visene fram øvingane sine mensar dei dansar. Programmet kan maks vare i 1,30 minutt. Alle desse fire apparata blir dømde av ein dommar, som gjev dei ein poengsum. Når ein har fått poeng i alle apparata, legg ein de saman. Den som har fått flest poeng vinn.