Aprite le finestre
«Aprite le finestre» (italiensk for Opn vindaugo) var eitt av dei to italienske bidraga i Eurovision Song Contest 1956, framført på italiensk av Franca Raimondi.
«Aprite le finestre» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1956 | |||||
Land | Italia | ||||
Artist(ar) | Franca Raimondi | ||||
Språk | Italiensk | ||||
Komponist(ar) | Virgilio Panzito | ||||
Låtskrivar(ar) | Pinchi | ||||
Resultat | |||||
Italia i Eurovision Song Contest | |||||
|
«Aprite le finestre» vann Festival della Canzone Italiana di Sanremo 1956, den italienske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956. Songen fekk dimed representere Italia i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest, saman med andreplassen «Amami se vuoi» av Tonina Torrielli.
Songen starta som nummer sju i finalen, etter Luxembourg med «Ne crois pas» av Michèle Arnaud og før Nederland med «Voorgoed voorbij» av Corry Brokken. Ein veit ikkje kva for plass bidraget enda på av di det ikkje vart gjeve nokre poeng og berre vinnaren vart offentleggjord.
Det var det fyrste bidraget med tekst på italiensk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Aprite le finestre» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2011.