Italia i Eurovision Song Contest

Italia debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. I 2021 deltok Italia for 46. gong, om ein ikkje reknar med den avlyste 2020-utgåva. Italia er eitt av dei fem store landa – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifisert til finalen på grunn av sine store økonomiske bidrag til tevlinga. Italia har vunne Eurovision Song Contest tre gongar: 1964, 1990 og 2021. Italia har kome på sisteplass éin gong, i 1966.[1] Italia har halde seg borte frå Eurovision Song Contest i åra 19811982, 1986, 19941996 og 19982010, men etter returen i 2011 har Italia vore blant dei ti beste åtte gongar, seinast med sigeren i 2021.

Italia
EuroItalia.svg
Offisielt Italia

Radiotelevisione italiana
Uttakingar
Deltaking
Debutår 1956
Deltakingar 46
Beste resultat
Finalen 1 (1964, 1990 og 2021)
Verste resultat
Finalen Sist (1966)
Poeng

Italias eigne songtevling, San Remo-festivalen frå 1951, er opphavet til Eurovision Song Contest, og ei rekkje av San Remo-vinnarane har representert Italia i Eurovision Song Contest.[2] Landet har levert fleire slagerar og hitar til Eurovision Song Contest, der tredjeplassen til Domenico Modugno «Nel blu dipinto di blu» frå 1958 er den mest kjende. Under namnet «Volare» vart songen ein stor internasjonal slager og nådde førsteplassen på den amerikanske Billboard-lista. Vinnaren frå 1964, Gigliola Cinquetti og «Non ho l'età», vart også ein slager over heile Europa, det same gjorde låtar som «Piove» (1959), «Era» (1975), «Non so che darei» (1980) og «Gente di mare» (1987).

Fråværet 1990- og 2000-åra har ført til at Eurovision Song Contest er ei relativ ukjent tevling i Italia, særleg blant yngre italienarar.[3] Då Italia returnerte i 2021, var sjåartala låge, men mot slutten av 2010-åra auka antall sjåarar og marknadsandelen til rundt 20 prosent.[4][5][6] Den aukande interessa skuldast at kjende og populære artistar har representert Italia, og at kringkastaren Rai flytta finalen til sin flaggskipkanal, Rai 1.[7][8] Då Italia vann i 2021, vart finalen sett av rekordhøge 4,5 millionar sjåarar og ein marknadsandel på 25 prosent.[9]

HistorikkEndra

Det er ålmennkringkastaren Rai som har ansvaret med å velje ut det italienske bidraget til Eurovision Song Contest. Italia var eitt av sju land som var med på å starte Eurovision Song Contest, og det var Rais eigne musikktevling, San Remo-festivalen, som var inspirasjonen til Eurovision Song Contest.

Fråvær og returEndra

Fram til 1981 var Italia ein trufast deltakar i Eurovision Song Contest, men utover 1980- og 1990-talet sto Rai over tevlinga ved ei rekkje høve. Etter 1997 forsvann Italia fra Eurovision Song Contest og kom ikkje tilbake igjen før i 2011 – fjorten år seinare. Årsaka til dei mange fråværa har av Rai vorte forklart med dalande sjåartal og laber interesse blant italienske musikarar.[10][11]

I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunionen ei ordning som sikra at dei fire største økonomiske bidragsytarane fekk automatisk innpass i Eurovision-finalen. Gruppa vart kalla dei fire store og bestod av Tyskland, Storbritannia, Spania og Frankrike. Då Italia kom tilbake til Eurovision Song Contest i 2011, gjekk Italia inn blant dei fire store – som dimed vart utvida til dei fem store. Italia har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest.[12] Italia har arrangert Eurovision Song Contest to gongar, i Napoli i 1965 og i Roma i 1991.

Fleire suksessarEndra

Italia har jamt over vore eit svært suksessrikt land i Eurovision Song Contest. Landet har to sigrar, tre andreplassar og fem tredjeplassar. Italia har også levert fleire store slagerar til tevlinga, blant andre «Gente di mare» (1987), «Non ho l'età» (1964) og «Non so che darei» (1980). Den mest kjende er nok likevel tredjeplassen frp 1958, «Nel blu dipinto di blu» – betre kjend som «Volare». Under jubileumsprogrammet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest, vart «Nel blu dipinto di blu» kåra til den nest største Eurovision-hiten gjennom tidene, kun slått av ABBA og songen «Waterloo» frå 1974.[13]

Etter returen i 2011 har Italia fortsatt å gjere det bra i Eurovision Song Cotest og har kome blant dei ti beste åtte gongar sidan – inkludert éin siger, to andreplassar og ein tredjeplass. Suksessen skuldast blant anna at Italia har sendt store, nasjonale stjerner som Marco Mengoni, Francesco Gabbani, Mahmood og gruppene Il Volo og Måneskin.

BidragaEndra

År Artist Song Språk Finalen
Plass Poeng
  1956 Franca Raimondi «Aprite le finestre» Italiensk Ukjent Ukjent
Tonina Torrielli «Amami se vuoi»
  1957 Nunzio Gallo «Corde della mia chitarra» Italiensk 6 7
  1958 Domenico Modugno «Nel blu dipinto di blu» Italiensk 3 13
  1959 Domenico Modugno «Piove (Ciao, ciao bambina)» Italiensk 6 9
  1960 Renato Rascel «Romantica» Italiensk 8 5
  1961 Betty Curtis «Al di là» Italiensk 5 12
  1962 Claudio Villa «Addio, addio» Italiensk 9 3
  1963 Emilio Pericoli «Uno per tutte» Italiensk 3 37
  1964 Gigliola Cinquetti «Non ho l'età» Italiensk 1 49
  1965 Bobby Solo «Se piangi, se ridi» Italiensk 32 1
  1966 Domenico Modugno «Dio, come ti amo» Italiensk 17 0
  1967 Claudio Villa «Non andare più lontano» Italiensk 11 4
  1968 Sergio Endrigo «Marianne» Italiensk 10 7
  1969 Iva Zanicchi «Due grosse lacrime bianche» Italiensk 13 5
  1970 Gianni Morandi «Occhi di ragazza» Italiensk 8 5
  1971 Massimo Ranieri «L'amore è un attimo» Fransk 5 91
  1972 Nicola di Bari «I giorni dell'arcobaleno» Italiensk 6 92
  1973 Massimo Ranieri «Chi sarà con te» Italiensk 13 74
  1974 Gigliola Cinquetti «Si» Italiensk 2 18
  1975 Wess og Dori Ghezzi «Era» Italiensk 3 115
  1976 Al Bano og Romina Power «We'll Live It All Again» Engelsk og italiensk 7 69
  1977 Mia Martini «Liberta» Italiensk 13 33
  1978 Ricchi e Poveri «Questa amore» Italiensk 12 53
  1979 Matia Bazar «Raggio di luna» Italiensk 15 27
  1980 Alan Sorrenti «Non so che darei» Italiensk 6 87
Deltok ikkje 19811982
  1983 Riccardo Fogli «Per Lucia» Italiensk 11 41
  1984 Alice og Battiato «I treni di Tozeur» Italiensk 5 70
  1985 Al Bano og Romina Power «Magic Oh Magic» Italiensk og engelsk 7 78
  1986 Deltok ikkje
  1987 Umberto Tozzi og Raf «Gente di mare» Italiensk 3 103
  1988 Luca Barbarossa «Vivo (Ti scrivo)» Italiensk 12 52
  1989 Anna Oxa og Fausto Leali «Avrei voluto» Italiensk 9 56
  1990 Toto Cutugno «Insieme: 1992» Italiensk 1 149
  1991 Peppino di Capri «Comme è ddoce 'o mare» Napolitansk-kalabresisk 7 89
  1992 Mia Martini «Rapsodia» Italiensk 4 111
  1993 Enrico Ruggeri «Sole d'Europa» Italiensk 12 45
Deltok ikkje 19941996
  1997 Jalisse «Fiumi di parole» Italiensk 4 114
Deltok ikkje 19982010
  2011 Raphael Gualazzi «Madness of Love» Italiensk og engelsk 2 189
  2012 Nina Zili «L'amore è femmina (Out of Love)» Engelsk og italiensk 9 101
  2013 Marco Mengoni «L'essenziale» Italiensk 7 126
  2014 Emma Marrone «La mia città» Italiensk og engelsk 21 33
  2015 Il Volo «Grande amore» Italiensk 3 292
  2016 Francesca Michielin «No Degree of Separation» Italiensk og engelsk 16 124
  2017 Francesco Gabbani «Occidentali's Karma» Italiensk 6 334
  2018 Ermal Meta og Fabrizio Moro «Non mi avete fatto niente» Italiensk 5 308
  2019 Mahmood «Soldi» Italiensk og arabisk 2 472
  2020 Diodato «Fai rumore» Italiensk Tevling avlyst
  2021 Måneskin «Zitti e buoni» Italiensk 1 524

RøystehistorikkEndra

Italia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Frankrike 151
02   Storbritannia 130
03   Spania 120
04   Irland 118
05   Tyskland 107

Italia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Spania 242
02   Portugal 228
03   Sveits 213
04   Frankrike 194
05   Finland 189

GalleriEndra

Eurovision Song Contest i ItaliaEndra

År Stad Arena Programleiarar
1965   Napoli Sala di Concerto della Rai Renata Mauro
1991   Roma Cinecittà Gigliola Cinquetti og Toto Cutugno
2022   Torino Pala Alpitour

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

  1. «Italy – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunionen. Henta 29. november 2016. 
  2. Victor M. Escudero (3. september 2017). «Ciao Italia! Top 10 entries from Italy». eurovision.tv. EBU. Henta 16. februar 2019. 
  3. «'Italians couldn't care less about Eurovision'». www.thelocal.it (engelsk). 9. mai 2014. Henta 10. februar 2019. 
  4. «Audience share of Eurovision Song Contest finale 1987-2018 | Italy». Statista (engelsk). Henta 10. februar 2019. 
  5. Granger, Anthony (13. mai 2018). «Italy: Over 3.4 Million Viewers for Eurovision 2018 Final». Eurovoix (engelsk). Henta 10. februar 2019. 
  6. P, E. (19. mai 2019). «Finale Eurovision 2019: 3.539.000 telespettatori e 19,72% di share su Rai 1, +3% vs 2018». Eurofestival News (italiensk). Henta 20. mai 2019. 
  7. «Italy migrates Eurovision to RAI 1, Sanremo is national selection». wiwibloggs (engelsk). 2. oktober 2015. Henta 10. februar 2019. 
  8. Granger, Anthony (15. mai 2017). «Italy: Head of RAI 1 Reveals Ambitions For Eurovision & Sanremo». Eurovoix (engelsk). Henta 10. februar 2019. 
  9. Golightly, Thomas (23. mai 2021). «🇮🇹 Italy: A Record 4.5 Million Viewers Tuned In To Watch First Victory For 30 Years». Eurovoix (engelsk). Henta 24. mai 2021. 
  10. «Eurovision Song Contest 1981». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016. 
  11. «Italy plans Eurovision Song Contest comeback». BBC.com. 3. desember 2010. 
  12. Victor M. Escudero (23. september 2015). «'Big Five' and host country more prominently in the Semi-Finals». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016. 
  13. «Congratulations Show». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 29. november 2016. 

KjelderEndra