Álava

(Omdirigert frå Araba)

Álava (baskisk Araba og offisielt Álava-Araba) er ein provins nord i Spania i den sørlege delen av den autonome regionen Baskarland. Provinsen har kring 300 000 innbyggjarar og eit areal på 2 963 km².

Álava

Han grensar til provinsane Burgos, La Rioja, Navarra, Guipúzcoa og Bizkaia. Condado de Treviño er ein enklave i provinsen Burgos (Castilla y León) omgjeve av alavesisk land.

Dei flreste innbyggjarane bur i og rundt hovudbyen Álava Vitoria-Gasteiz (Vitoria på spansk, Gasteiz på baskisk), som òg er regionshovudstad i den autonome regionen. Resten av provinsen er hovudsakleg landsbygd. Provinsen er delt inn i sju fylke (cuadrillas).

Kjelder endre

42°50.67′N 2°45.62′W / 42.84450°N 2.76033°W / 42.84450; -2.76033